Hopp til innhold

- Hald vogntoga tilbake til bota er betalt, då får oppdragsgjevaren svi

- Skal ein få bukt med problemet med utanlandske vogntog som bryt lova langs norske vegar, må også arbeidsgjevar og oppdragsgjevar få svi.

Vogntog sperra riksveg5

FEKK TO BØTER: Denne semitraileren vart stogga to gonger på same dag. Det var to sjåførar i bilen som begge vart bøtelagt for å køyre ein bil som ikkje var skodd etter forholda.

Foto: Simon Solheim / NRK

Det meiner Norges Lastebileigarforbund som har skrive brev til Riksadvokaten.

- Det er frustrerande at politiet sit med verktøykassa full, men i så liten grad brukar den, seier juridisk direktør i Norges Lastebileigarforbund (NLF) Robert Aksnes.

Berre halvparten betaler bøtene

I vinter har utanlandske vogntog ført til trøbbel langs norske vegar kvar einaste veke.

Mange av dei har blitt bøtelagde av politiet, men tal frå Statens innkrevingssentral viser at berre halvparten av bøtene vert betalt.

Både politiet og Statens innkrevingssentral meiner dette er uheldig.

- Dersom sjåførane skal føle på kroppen at dei bryt vegtrafikklova, så må dei sjølvsagt betale bøtene for at dei skal ha effekt, seier politijurist Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den beste måten å sikre seg betaling er å sikre seg pengane med ein gong. Dette gjer ein ved å halde køyretyet tilbake til bota er betalt.

I Sogn og Fjordane seier politiet at dei som regel pleier å sikre seg betaling før køyretyet får køyre vidare.

- Politiet må gjere det oftare

NLF meiner politiet oftare må nytte seg av denne retten. No har dei skrive brev til Riksadvokaten og ber om hjelp.

Robert Aksnes

HALD DEI TILBAKE: Robert Aksnes i Norges Lastebileigarforbund meiner politiet oftare må halde køyretya tilbake for å sikre seg at bøtene vert betalt.

Foto: Norges Lastebileigarforbund

- Nokon stadar er politiet flinke til dette, men når ein ser at berre halvparten av bøtene blir betalt er ein ikkje flinke nok, seier Aksnes til NRK.no.

Berre i Sogn og Fjordane har politiet skrive ut ei rekkje bøter til utanlandske vogntogsjåførar i køyrety som ikkje har vore skodd etter forholda.

Seinast i førre veke fekk ein litauisk sjåfør 11 000 kroner i bot etter at han lagde trafikkaos på riksveg 5 i Jølster.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog på riksveg 50

BØTELAGT: Føraren av dette vogntoget fekk 11 000 kroner i bot etter at han sperra trafikken på Hol-Aurland i haust.

Foto: NRK-tipsar

- «Bakmennene» må få svi

Men å bøteleggje sjåføren åleine har liten verknad meiner Aksnes.

- Sjølvsagt skal sjåføren straffast dersom han til dømes har køyrd med dårlege dekk og ikkje har med seg kjettingar. Men å straffe sjåføren åleine vil ikkje automatisk føre til at bilen vert betre rusta for å køyre på norske vintervegar, seier Aksnes.

Asknes som er juridisk direktør i Norges Lastebileigarforbund seier det finst fleire lovheimlar som politiet kan nytte seg av for å stille dei som kjøper transporten – oppdragsgjevarane - til ansvar.

- Kven er eigentleg ansvarleg for at utanlandske køyrety ofte ikkje er godt nok skodde? Bakmennene, viss ein kan kalle dei det, er ofte transportselskapet. Men også dei som kjøper transporten, seier Aksnes.

Vil ikkje ta ansvaret

Også i Norsk Transportarbeiderforening meiner dei at oppdragsgjevarane må ta ansvar for at dei utanlandske vogntoga som køyrer varer langs norske vegar er god nok skodde.

Men til dømes fiskebransjen, som nyttar seg mykje av utanlandsk transport, vil ikkje ta det ansvaret.

- Hald dei tilbake

Aksnes meiner første skritt i rett retning må vere at politiet oftare held utanlandske vogntog tilbake når dei bryt lova.

- Dersom eit køyrety vert halde tilbake er dette noko dei som skal ha varene vil merke. På den måten blir dei som kjøper transporten i større grad merksam på at ting ikkje er som det skal, seier Aksnes.