Hopp til innhold

Litauisk sjåfør får 11 000 i bot

Føraren av eit litauisk vogntog må punge ut med 11 000 kroner etter at han lagde kaos på riksveg 5 tysdag ettermiddag.

Det var i halv to tida at politiet fekk melding om det litauiske vogntoget som stod fast i Lundebakkane i Kjøsnesfjorden.

Då politiet kom til staden viste det seg at vogntoget ikkje var skodd etter forholda.

Det er krav om at vogntog skal ha med seg sju kjettingar, men sjåføren hadde berre med seg to.

- Politiet har gitt føraren ei bot på 11 000 kroner, seier operasjonsleiar Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Trafikken går no som normalt forbi staden.