Hopp til innhold

Berre ei av to bøter blir betalt

Halvparten av bøtene som blir gitt til utanlandske sjåførar på norske vegar vert aldri betalt. Dermed går staten glipp av millionar av kroner.

Vogntog fast i Stigedalen

VANLEG SYN: Dette er etterkvart byrja å bli eit vanleg syn på norske vintervegar. Men berre annankvar bot blir betalt.

Foto: NRK-tipsar

Og det er ikkje berre difor dette er uheldig. Også trafikktryggleiken kan stå på spel.

– Dette er trist. Eit forenkla førelegg er meint som ei straff og intensjonen er mellom anna at det skal auke trafikktryggleiken. Når bota ikkje vert betalt så har det jo ingen effekt, seier Turid Brennberg i Plan- og analyseavdelinga ved Statens innkrevingssentral.

Har fått bøter etter trafikkaos

I vinter har vogntog laga kaos langs vegane kvar einaste veke. Mange av dei har vore utanlandske.

Vogntog på riksveg 50

BOT: Føraren av denne semitraileren fekk 11 000 kroner i bot.

Foto: NRK-tipsar

Utan kjettingar og med dårlege dekk har dei i mange tilfelle vore til fare for andre trafikantar. Stadig vekk har politiet skrive ut saftige bøter.

Seinast tysdag fekk ein litauisk sjåfør ei bot på 11 000 kroner for å ha laga trafikkaos på riksveg 5 i Lundebakkane i Kjøsnesfjorden.

Og den er ikkje åleine. Over heile Norge har utanlandske vogntogsjåførar blitt bøtelagt.

Halvparten betaler

Men statistikken frå Statens innkrevingssentral er dyster lesnad. For det er berre i underkant av halvparten av bøtene som blir gitt til sjåførar utanfor Norden som vert betalt.

– Dersom dei ikkje betaler bota frivillig, har vi ikkje noko tvangsmidla, seier Brennberg.

Ho viser til at dei per i dag kan tvangsinnkreve bøter frå sjåførar i Norden, men at dei ikkje har nokon innkrevingsavtale med resten av landa.

Går glipp av millionar

Sidan 2007 har det kvart år blitt skreve ut forenkla førelegg til sjåførar utanfor Norden til ein verdi av omlag 3 millionar kroner kvart år.

Men berre halvparten av desse bøtene vert betalt, og med det har staten gått glipp av over 6 millionar kroner berre dei siste fire åra.

– Vi skulle sjølvsagt ønskje at fleire gjorde opp for seg, seier Brennberg.

– Svært uheldig

Også i politiet synst dei det er uheldig at så mange droppar å betale bota.

Vogntog sperra riksveg 5

DOBBELT OPP: Dette vogntoget fekk bot to gonger på ein dag - med to ulike sjåførar.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Dersom sjåførane skal føle på kroppen at dei bryt vegtrafikklova, så må dei sjølvsagt betale bøtene for at dei skal ha effekt, seier politijurist Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet brukar både tid og ressursar på sikre seg betaling når dei skriv ut bøter til utanlandske sjåførar.

Skal ein sikre seg at bota faktisk blir betalt er det berre ein måte som verkar å fungere, fortel Brennberg og Refsnes.

Det er nemleg å syte for at pengane kjem på plass før køyretyet får reise vidare. Det enten i form av betaling med kort eller ein bankgaranti.

Men det er ikkje berre, berre.

Timevis på telefonen

I Sogn har politiet skrive ut fleire slike bøter i vinter. Mange av dei i samband med trafikken over Filefjell og Hemsedalsfjellet, to av dei viktigaste fjellovergangane i Sør-Norge.

– Først må vi få kontakt med firmaet eller arbeidsgjevaren til sjåføren på telefon. Så sender vi ein fax og ber om å få ein bankgaranti, fortel politiførstebetjent Per Tomas Klingenberg i Lærdal.

Ungarsk vogntog på Håbakken.

BOT: Føraren av dette ungarske vogntoget fekk 12 000 kroner i bot og vart fråteken førarkortet i tre månadar.

Foto: Statens Vegvesen

Ei slik sak kan i verste fall ta ein heil dag. Nokre gonger vert køyretya ståande i fleire dagar før pengane er på plass.

Men sjølv kor tidkrevjande arbeidet er, er det det einaste som verkar å fungere.

- Når vi først gir ei bot, må vi få inn pengane slik at bota har effekt. Så dette er eit arbeid vi må prioritere, seier politijurist Jørn Lasse Refsnes.