Hopp til innhold

– Norske bedrifter har ansvaret

Norsk Transportarbeiderforening meiner oppdragsgjevarane må bli pålagde å ta ansvar for at utanlandske vogntog er godt skodde.

Video e64cccbb-0c07-43d7-b713-358c6b91dde6.jpg

– Det hadde vore fint med fleire vinterdekk. Det innrømmer ein polsk sjåfør når han viser NRK vogntoget han køyrer. Køyretøyet har berre fire vinterdekk.

Dei siste vekene har utanlandske vogntog ført til vegstengingar fleire stadar i Noreg. Det er norske bedrifter som har ansvar for at desse vogntoga skaper kaos på vintervegane, meiner LO-forbundet Norsk Transportarbeiderforening.

Forbundet krev no at bedriftene må bli pålagde å ta meir omsyn til sikkerheit. Bedrifter som får eller sender varer med utanlandske vogntog synest dette er urimeleg.

Geitanger Bygg AS er ei bedrift som får leveringar frå utanlandske vogntog.

– Me driv med trelast og byggevarer, ikkje transport, seier dagleg leiar Frode Søfteland.