– Eg har vore ute og spelt profesjonelt, og då har alt dreidd seg om volleyball. No kjenner eg det er godt å få avkopling med skule, seier Mathias Loftesnes.
Han sit bøygd over skulebøkene på eit hotellrom i Bergen. Midt mellom dei avgjerande kampane for Norge i EM-kvalifiseringa i volleyball må Loftesnes ha fokus på eksamen.
26-åringen er ein av fleire idrettsutøvarar som siktar seg inn på det nye tilbodet «Toppidrettsstudent» ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til hausten.
- Les også:
Kan leggje til rette for hardtsatsande idrettsfolk
Eit samarbeid med Olympiatoppen gjer det mogleg å kombinere studiar og toppidrett frå hausten. Utøvarar som kjem inn som studentar, og fyller krava til toppidrettsstatus, kan få større fleksibilitet medan dei studerer ved høgskulen.
– Dei kan få lagt til rette for eksamen i utlandet, dersom dei til dømes er på landslagsopphald. Vi kan også leggje til rette for eksamen på andre høgskular i Norge, at dei kan ha seinare eksamen – eller få andre arbeidskrav, forklarer Kirsti Møller Bruland.
Ho er toppidrettskontakt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og meiner det nye tilbodet er av stor verdi for utøvarane.
– Det er viktig å drive med noko anna enn berre idrett. Dessutan veit du aldri når karrieren er over, og då er det viktig å ha noko å falle tilbake på. I tillegg er det gull verdt å ha ein annan omgangskrins, seier ho.
- Les også:
– Blir sliten om du berre skal tenkje på kamp
Loftesnes legg ikkje skjul på at det er krevjande å kombinere studiar og idrett på landslagsnivå. Ikkje minst når han må konsentrere seg om avgjerande EM-kampar og eksamen på éin og same gong.
Då landslaget var på treningssamling i Italia, sat sogningen ofte åleine på rommet og las matematikk. Det gjorde han også på 17. mai.
– Det er press frå fleire kantar, og eg må prestere på eksamen og i kampar. Så det er ikkje enkelt, men det er jo slik eg vil ha det, seier han.
– Kan det vere ein fordel også?
– Ja. Det er utruleg godt å kople av. Du blir veldig sliten om du skal tenkje på kamp heile dagen. Så eg synest det er veldig greitt å få lest litt kampane.