Hopp til innhold

Lanserer splitter ny satsing på idretten

Eit heilt nytt samarbeid på tvers av idrettane skal løfte utøvarane frå Sogn og Fjordane til nye høgder. Men planane får blanda mottaking.

Nils R. Sandal og vektløftarane Gunnar Reiakvam og Sindre Rørstadbotnen

NY SATSING: Nils R. Sandal (t.v.) og idrettskrinsen lanserer i helga nye planar om samarbeid og utnytting av kompetansen i dei ulike idrettane. Det synest Sindre Rørstadbotnen (t.h.) er fornuftige tankar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / Rune Fossum / NRK

– Eg føler potensialet i Sogn og Fjordane ikkje er godt nok utnytta. Det blir gjort ein god jobb, men vi kan bli endå betre. No skal vi samhandle og utnytte kvarandre sin kompetanse. Eg trur tida er overmoden for å setje i gang dette, seier Nils R. Sandal.

Laurdag skal han som leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins presentere den nye satsinga på ein idrettskonferanse på Skei.

Målet med det nye samarbeidet er å utveksle erfaring og kompetanse på tvers av idrettsgreiner og særkrinsar.

Trur betre samarbeid vil slå positivt ut for idretten

Idrettskrinsen har teke initiativet og skal koordinere prosjektet. Dei vil ha med seg særkrinsane, idrettslag, høgskulen, fylkeskommunen og andre aktuelle kulturinstitusjonar.

– Vi må utnytte kompetansen som ligg i dei ulike idrettane på ein betre måte, slik at vi får overført kompetansen også til andre. Samhandling og samarbeid skal stå i fokus, seier Sandal om det treårige prosjektet.

Han trur dette, saman med impulsar frå høgskulen og idrettsmiljø ved dei vidaregåande skulane, vil vere med og løfte idretten: Dei kan rekruttere fleire ungar, gjere at ungdom vil vere lenger med i idretten og også gje dei beste utøvarane eit sportsleg løft.

Bilete av prosjektplan

NYE PLANAR: Tankane om nytt samarbeid for idretten blir presenterte på ein idrettskonferanse på Skei i helga.

Foto: Utdrag frå "Framtidas idrett i Sogn og Fjordane"

Vektløftar glad for initiativet – har gode erfaringar

Ideane er noko som gler den EM-klare vektløftaren Sindre Rørstadbotnen. 22-åringen bur og satsar på idretten sin med base i Sunnfjord. Han har gode erfaringar med å utveksle erfaringar med andre.

Han har tidlegare trent saman med kastmiljøet i Gloppen. Og han har hatt skilandslaget på besøk og trening med vektløftarane i Naustdal.

– Felles samlingar og slike ting er kjempepositivt for å utvikle seg sjølv og lære nye ting. Det er så mykje ein kan bli betre på, og ein kan finne svakheiter ein ikkje visste ein hadde. Som spesialist innanfor vektløfting og styrke har eg til dømes mykje kompetanse andre ikkje har, seier Rørstadbotnen.

Sindre Rørstadbotnen i rykk under landskampen mellom Norge, England og Sverige. Sunnfjordingen vart nest beste løftar på stemnet i Naustdal.

EM-KLAR: Sindre Rørstadbotnen førebur seg i desse dagar til EM i vektløfting. Han har gode erfaringar med å trene saman med andre idrettar og hauste erfaringar frå dei. Foto: Rune Fossum

Fleire i idretten er nøkternt avventande til planane

Krinsleiaren trur utøvarar som Rørstadbotnen kan få betre oppfølging som ein effekt av den nye satsinga. No jobbar idrettskrinsen med finansieringa, der dei er i dialog med ein sponsor. Den store draumen er at prosjektet i framtida kan ende opp i eit kompetansesenter for idretten i Sogn og Fjordane.

Men ikkje alle er utelukkande positive til dei nye planane. NRK veit at sentrale aktørar i idretten er tilhengarar av tanken om meir samarbeid, men at mange også er skeptiske.

Fleire peikar på utfordringar med finansiering og ressursbruk, lokalisering og den praktiske gjennomføringa. Det er også peika på blanda erfaringar med det litt liknande prosjektet «Topp idrettsutvikling», som vart avslutta for tre år sidan.

– Har de med dykk alle her, eller opplever de også skepsis?

– Det kan nok hende einskilde føler dei kan klare dette gjennom sin eigen særkrins. Men vi har fått gode tilbakemeldingar, og eg trur at om vi sel inn dette på ein god måte utan å køyre over nokon, så vil alle vere med på ein konstruktiv måte, seier Sandal.