Hopp til innhold

- Brannen kunne vore hindra

Sprinkleranlegg kunne hindra storbrannen i Høyanger søndag kveld.

Brann i omsorgsbustad i Høyanger
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dei ti år gamle omsorgsbustadane som tok til å brenne mangla sprinkleranlegg .

- Kunne stogga brannen

Sjefsingeniør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Terje Olav Austerheim, seier utfallet kunne blitt eit heilt anna dersom bygget hadde hatt sprinkleranlegg. Takka vere iherdig innsats frå bergingsmannskap, tilsette og frivillige vart alle evakuerte.

- For det første ville kanskje brannen ha stogga der den starta. I neste omgang kunne det hindra at brannen spreidde seg, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bustadane stetta lova

Murhuset i er totalskadd etter brannen . Tredje etasje er heilt vekke, og første etasje har fått store vass- og røykskader. I følgje brannsjef Arne Hauge, var bygget godkjent i samsvar med regelverket. Kommunalsjef i Høyanger, Thore Hopperstad, seier bustadane stettar dagens krav til branntryggleik.

- Vi har gode både bygnings- og driftsteknisk standardar. Det er eit hus som ikkje er meir enn ti år gamalt. Vi har også bemanning heile tida på huset, seier han.

Naturleg med sprinkler

Austerheim fortel at det er krav til sprinkleranlegg berre når bygg er i svak bygningsmessig stand, og redningspersonell ikkje kan komme til innan tre minutt. Han meiner likevel at det ville vore naturleg med eit sprinkleranlegg i omsorgsbustadane.

- Sentrale styresmakter har anbefalt sprinkleranlegg i denne type bygningar, seier Austerheim. Ordførar Kjartan Longva utelukkar ikkje at sprinkleranlegg kunne hindra storbrannen.

Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

12 til sjukehus

Hopperstad vil ikkje meine noko om det er naturleg med sprinkleranlegg på slike bygg.

62 personar vart evakuerte frå omsorgsbustadane og sjukeheimen. Åtte bebuarar vart sende til sjukehus i Førde. Det vart også fire frivillige som var med på bergingsarbeidet. Tre er alvorleg skadde, men alle skal vere stabile.