Hopp til innhold

Omsorgsbustadar utan sprinkleanlegg

Omsorgsbustadane som søndag kveld tok til å brenne, hadde ikkje sprinklerlanlegg.

Tolv personar vart skadde i brannen. For tre av desse er tilstanden alvorleg, men stabil. Ingen av omsorgsbustadane hadde sprinkleranlegg.

HØYR: Longva: - Bustadar mangla sprinkelanlegg

- Bygget vart opna i 1999 og då hadde vi ikkje sprinkleranlegg. Dei nye omsorgsbustadane som vi har bygt seinare, er utstyrt med sprinkleranlegg. Denne delen hadde ikkje det, seier ordførar i Høyanger, Kjartan Longva.

Mangla sprinkleranlegg

For mange er det uforståande korleis eit så pass nytt bygg kunne bli til eit slikt inferno. Vitne fortel om ein eksplosjonsarta brann . Longva utelukkar ikkje at brannen kunne utvikla seg annleis med sprinkleranlegg.

- Kanskje dersom vi hadde hatt det, så kunne dette vore unngått. Det veit vi ikkje, held Longva fram. Brannsjef Arne Hauge seier at det ti år gamle bygget var godkjent i samsvar med regelverket.

Video nsps_upload_2009_1_5_10_4_53_1480.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Naboane Elin Lysne og Wenche Markeset og brannmann Dag Andre Nesse fortel om kva dei opplevde.

- Kjempejobb

Brannen starta i 21.30-tida søndag kveld. 62 personar vart evakuerte frå sjukeheimen og omsorgsbustadane . Av tolv skadde personar, er 11 utanfor livsfare. Frivillige blir rosa for innsatsen .

- Det er dramatisk når du får brann i omsorgsbustad med eldre menneske. Det er rullestolbrukarar, personar som avheng av gåstol og som er rørslehemma. Det vart gjort ein kjempejobb, ikkje berre frå dei profesjonelle, seier Longva.

Kjem heim i dag

Ordføraren reknar med at sjukeheimen i løpet av dagen vil flytte heim att sine brukarar. Omsorgsbustadane vert rekna som totalskadd.

- Då har vi 26 i omsorgsbustadar som vi må finne husvere til. Vi har ein nyoppussa sjukeheim på Kyrkjebø der vi kanskje kan frigjere ein etasje Helse Førde har også Tronvik, seier Longva.