Hopp til innhold

- Heilt fantastisk oppslutnad

Pleie- og omsorgsleiar i Høyanger, Torill Varden, er rørt over innsatsen til frivillige under brannen i Høyanger søndag.

Brann i omsorgsbustad i Høyanger
Foto: Marit Ullebø Fimreite

- Utruleg mange pårørande, tilsette, naboar og redningsmannskap stilte opp. Det var berre heilt fantastisk kor folk stilte opp, seier ei tydeleg rørt Torill Varden.

- Det var eit mareritt

Varden sat på kontoret sitt i underetasjen av sjukeheimen då brannalarmen gjekk søndag kveld. Ho forstod raskt alvoret då ho kom opp og såg røyken velte ut frå omsorgsbustaden.

HØYR: Varden om brannen

- Det var nesten heilt uverkeleg. Det var eit mareritt. Eg tenkte at slikt ikkje skal skje, seier ho.

Video nsps_upload_2009_1_5_8_1_33_1477.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Dramatisk

I alt 62 personar vart evakuert i det som av både vitne og brannmannskap vert skildra som ein eksplosjonsarta brann . Brannen starta i tredje etasje og spreidde seg fort.

- Først no som ting byrjar å roe seg, ser du kor dramatisk det var, seier innsatsleiar Dag André Nesse.

HØYR: - Brannen var eksplosjonsarta

- Tusen takk

Tolv personar vart frakta til sjukehus. Tre med alvorlege skader . Både Frivillige vert rosa for innsatsen. Evakuerte vart frakta ut på båre og ned stigar. Folk stilte med bilar og køyrde både brukarar og senger til Øren hotell.

- Akkurat no er vi overlukkelege for at det ikkje gjekk liv tapt. Vi er takksame for den svært gode hjelpa frå eigne tilsette, bergingsmannskap og frivillige, seier helse- og sosialsjef Thore Hopperstad.