Hopp til innhold

- Taket overtent på tre minutt

Vitne fortel om ein dramatisk redningsaksjon då det i 21.30-tida søndag kveld byrja å brenne i ein omsorgsbustad Høyanger.

Brann i Høyanger

Brannmannskap arbeider med å sløkke brannen i Høyanger.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Elin Lysne bur i Parken burettslag like ved. Fleire i nabolaget deltok i evakueringsarbeidet.

- Det var eit vannvittig kaos, fortel Lysne.

- Frykteleg tidpsunkt

I alt vart 62 personar evakuerte frå omsorgsbustaden og sjukeheimen som ligg i same bustadkompleks. Tolv personar vart skadde, tre av desse alvorleg. Dei som ikkje vart frakta til sjukehus, vart teken hand om av pårørande eller køyrt til Øren hotell og ungdomsklubben.

- Vi sprang inn i sengepostane for å evakuere, men kunne ikkje springe inn i omsorgsbustadane. Det var eit frykteleg tidspunkt at dette skulle skje. Folk har nett kome seg i seng og har gjerne vanskar med å flytte på seg, seier Lysne.

Eksplosjonsarta

Ho fortel om ein eksplosjonsarta brann. I løpet av få minutt var heile taket overtent.

- Det var flammar i eine enden av huset, etter berre tre minutt var heile taket overtent, seier ho. I alt kaoset var det ikkje høve til å frykte for eige liv.

- Vi hadde ikkje tid til det. Vi plyndra alt som heiter lager for bleier og stellefrakkar og bar det i sekkar ned til hotellet, seier ho.

Brann i Høyanger.
Foto: Arne Stubhaug / NRK