Hopp til innhold

Tolv skadde i storbrann

Tolv personar har fått røykskader etter at det oppstod brann i ein omsorgsbustad i Høyanger.

Brann i omsorgsbustad i Høyanger
Foto: Marit Ullebø Fimreite

Av desse er åtte eldre bebuarar i omsorgsbustadane. Fire er frivillige og helsepersonell som deltok i redningsarbeidet. I tillegg fekk to frivillige lokal legebehandling for røykskade.

- Dei åtte er alle i alderen 80 år og oppover, fortel informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde.

62 evakuerte

Til saman vart over 62 personar evakuerte i løpet av hektiske minutt i Høyanger.

- For tre av personane er tilstanden alvorleg men stabil. Ni andre har fått lettare røykskader. Den eldste pasienten som vart frakta til sentralsjukehuset er 94 år, den yngste er 17 år.

- Tredje etasje i full fyr

Ordførar Kjartan Longva var sjølv vitne til brannen, og fortalde like før klokka 2200 om eit hus i full fyr.

Brann i Høyanger
Foto: Arvid Fimreite

- Halvparten av omsorgsbustaden er i full fyr. Her står både brannbilar og ambulansar. Inne i huset går brannfolk gjennom dei ulike romma for å sjå om det er folk att.

- Kaotiske tilstandar

Helse Førde hadde sju ambulansar, tre luftambulansar, og redningsbil frå Førde. I tillegg deltok sivilforsvaret, brannvesenet og politiet. Brannen vart meld klokka 21.36. Omsorgsbustaden ligg like i same komplekset som aldersheimen.

- Det er rimeleg kaos her. Eg håpar berre alle er ute, seier Longva. Mange av dei som bur der er avhengige av rullestol og gåstol, sa Longva.

Tek imot folk

- Vi har opna ungdomsklubben på rådhuset og ein frisørsalong i sentrum. Her tek vi imot folk som treng ly. Også private bustader har opna for å ta seg av bebuarane som vert evakuerte, fortel ordføraren.