Hopp til innhold

- Borten Moe tek feil om vindmøller

Olje- og energiminister Ola Borten Moe tek feil. Det meiner vindmøllebransjen som er svært skuffa over at ministeren avlyser satsinga på vindmøller til havs.

havvindmøller

OMSTRIDDE: Det er usemje mellom vindmøllebransjen og olje- og energiministeren om kor vidt satsing på vindmøller til havs er rett eller ikkje.

Både ekspertar og leverandørindustrien til offshore vindkraft kritiserer no statsråden etter at han gjekk inn for å droppe utbygginga av vindmøller utanfor kysten.

Svært skuffa over ministeren

Video Portrett av Ola Borten Moe i Lørdagsrevyen i feb

SKUFFAR: Vindmøllebransjen i Norge er svært skuffa over Olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Foto: Nyhetsspiller

I Måløy i Sogn og Fjordane har Endre Kvalheim i Easy Form skapt nær 30 arbeidsplassar på å levere produkt til vindkraftindustrien.

Han meiner olje- og energiministeren ikkje veit kva han snakkar om.

- Borten Moe skulle vere på ei runde for lære noko, og så seier han at han er i mot satsing på vindmøller til havs. Det er veldig skuffande av ein politikar, seier Kvalheim til NRK.no.

Kundane er frå utlandet

Den ivrige industrigrunderen viser NRK rundt i svære hallar der over 30 personar er i sving med å byggje turbinhus og delar til framtidas vindmøller.

På kundelista til Easy Form står store namn som Siemens, Vestas og General Electric. Selskapet må finne kundar i utlandet. For her heime har ikkje olje- og energiministeren tru på offshore vindkraft.

Då han var i Måløy for litt over ei veke sidan gjekk han i mot forgjengarane sine og avviste satsing på vindkraft til havs.

- Offshore vindkraft er for kostbart. Men kven veit korleis verda og Europa ser ut om 50 til 100 år, sa Borten Moe då han møtte verftseigarar, gründerar og andre medlemmer i Vindkraftforum Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Havstraum

VESTLANDSREVYEN 26. APRIL 2011: Ole Borten Moe går i mot forgjengarane sine i ministerstolen og avviser satsing på vindkraft til havs.

- Borten Moe kjenner ikkje utviklinga

Men 50 til 100 år er for vindmøllebransjen i Norge ein vits. Også landets fremste forskarar innan feltet ristar på hovudet.

John Olav Tande er seniorforskar ved Sintef og direktør ved Nowitech, Norwegian Research Centre for Offshore Wind Technology. Tande seier statsråden slår inn opne dører når han seier at straumen er for dyr i dag.

Seniorforskaren er klar på at Borten Moe ikkje har fått med seg at utviklinga på dette feltet går i eit rivande tempo.

- Per i dag så ligg kostnaden for offshore vindkraft på om lag ei krone per kilowatt time. I løpet av nokre år bør ein vere kome ned i nær halvparten, seier Tande til NRK.no.

- Lat oss få prøve oss

At ministeren er negativ til satsing her heime er eit problem for bransjen. Utan ein marknad i Norge vert det tøft å slå gjennom i utlandet.

Ekspertane meiner difor regjeringa burde gå med på å byggje ut nokre få små felst for å løfte industrien.

- På denne måten kan vi gje industribedriftene våre ein sjanse til å demonstrere kor gode dei er, seier Sintef-forskaren.

Og han får støtte frå industrigrunderen i Måløy.

- Hadde vi hatt ein heimemarknad, ville vi fått ein heilt anna vekst i næringslivet inn mot vindmøllebransjen, seier Kvalheim i Easy Form.