Naturvernarane utfordrar regjeringa

Vil bruke statlege vindkraftpengar til å oppretthalde lokalsjukehusa.

Video Vindkraft kunne løyst kraftkrisa

Fylkesleiaren i Naturvernforbundet, Hans-Christian Hansen, vil bruke av potten på 78 milliardar som regjeringa har sett av til satsing på milljøvennleg kraftutbygging og styrking av linjenett.

– Stoltenberg etterlyste seinast i dag økonomisk rom for å bevare sjukehusa. Vindkraftutbygging og linjenettutbygging dei neste åra er kalkulert til rundt 78 milliardar kroner, seier Hansen.

Hans-Christian Hansen i Naturvernforbundet

IKKJE NØGD: Hans-Christian Hansen i Naturvernforbundet.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Kastar pengar ut vindauget

Fylkesleiar Hansen meiner no at halvparten av midlane til kraftutbygging og styrking av linjenett heller bør brukast på å opprehalde lokalsjukehusa.

– Det er heilt horribelt at statsministeren seier at vi ikkje har økonomisk rom til å ta vare på strukturen av dei sjukehusa vi har her i landet. Samstundes er han villig til å kaste 78 milliardar kroner ut vindauget på ei vindkraftsatsing som ikkje vil gagne det norske folk, seier Hansen.

– Prøver du å score billege poeng på ein bitter konflikt rundt lokalsjukehusa?

– Eg seier det bare som det er. Pengane ligg der. Sjukehusa klarar vi oss faktisk ikkje utan. Vindkraftsatsinga som regjeringa går inn for kan vi faktisk klare oss utan, seier Hansen.

– Gjev lite tilbake

I dag gjekk vindkraftmotstandar Stein Malkenes sterkt i rette med direktøren i Sunnfjord Energi som i førre veke gjekk ut og meinte meir satsing på vindkraft kunne løyse problema med lite tilgjengleg kraft vinterstid.

– Det finst ingen energiform på land som kostar så mykje å bygge ut, og gjev så lite energi tilbake, seier Malkenes.