Hopp til innhold

Vindkraftoptimisme i Måløy

- Fylket har naturgitte føresetnadar, seier fylkesordføraren.

Vindmøller

Illustrasjonsbilete

I Måløy var 140 vindkraftentusiastar, politikarar, investorar og nysgjerrige samla på seminar for å diskutere vindkraft til havs. Fylkesordførar Nils R Sandal, som opna seminaret, uttrykte høge målsettingar for fylket.

– Sogn og Fjordane har unike naturgitte føresetnadar for å kunne få stor utbygging av vindmøller til havs.

Regjeringa positiv

Politisk rådgjevar i olje- og energidepartementet, Geir Pollestad, var med på seminaret. Han meier at vindkraft til havs har eit enormt potensiale, og at regjeringa er bestemt på å utnytte dette.

– Det er ein lang veg å gå, men vi satsar på å få det til.

Han trur at ein om ikkje lang tid vil få dei første testanlegga på plass.

Har fortrinn

Planane om å gjere Vågsøy til pilotsenter for vindkraft og Vestavind sine planar for vindmøller til havs har naturgitte fortrinn meiner Finn Nyhammer ved Kjeller Vindteknikk.

- Her har ein og vind, industri som erfaring i å takle offshorearbeid. Han trur dette blir viktig i marknaden som er i ferd med å vekse fram.