- Vindmøllene er vår store sjanse

Klimaforliket på Stortinget har auka optimismen for planane om vindmøller til havs.

Vindmøller
Foto: Lyse

I dag seier fleire at "dette er Sogn og Fjordane sin store sjanse!".

Leiar i miljø- og energikomiteen på Stortinget, Gunnar Kvassheim, håpar avtalen vil føre til gjennombrot for havvindmøller. 

- Eg både håper og trur at klimaforliket vil bidra til ein offensiv. I  forliket er det satsa 150 millionar, og som skal stimulere og tilretteleggje for dei som no jobbar med havmølleproduksjon.

Eit eventyr

Vind kan bli Sogn og Fjordane sitt eventyr, finst det folk som seier. Og særleg i dag, etter at Klimaforliket slår fast at utvikling av vindmøller til havs skal prioriterast.

Det var på Stortinget i går at forliket vart inngått og 150 millionar gitt. Ei forpliktande avtale mellom alle parti, utanom Framstegspartiet.

- Må vere med frå starten

Leiaren for Måløy Vekst, Alfred Bjørlo, meiner dette er dagen for store ambisjonar på vegne av fylket.

- Vindkraft til havs kan bli det neste store energieventyret i Norge. Vi har unike føresetnader for å levere rein energi til verda. Og det er viktig at Sogn og Fjordane blir frå første dag. Det var vi ikkje då oljenæring tok av, så vi kom aldri på igjen. No må vi vere med frå starten.

Fylket er med

Fylkesordførar Nils R Sandal kunne ikkje vore meir einig. Vindmøller til havs er ei sak han vil fronte.

- Dette vil vi gripe fatt i. Eg har invitert statsråden til Måløy slik vi kan leggje ein strategi.

Kan bli stor konkurranse

Det ligg an til ein nasjonal konkurranse, mange vil vere med på eventyr. Blant dei er selskapet Vestavind på Sandane. Administrerande direktør Håkon Sandvik, meiner Klimaforliket er svært viktig for planane deira.

Vestavind har planar om flytande vindmøller utanfor Stadlandet. Dei har sendt såkalla førehandsmelding til NVE. Konkurransen kan bli stor.

- Det er to-tre aktørar på flytande løysingar og nokre på botnfaste. Så mange er det ikkje, men dei kjem nok, seier han

Kan ta 15 år

Det kan ta femten år før den første vindmølla til havs blir sett opp. Leiaren for Måløy Vekst, Alfred Bjørlo meiner politikarar og aktørar i Sogn og Fjordane likevel har dårleg tid.

- Det er viktig for oss å vite at fylket er med når toget no går og er med for fullt.