Fjaler kan få senter for vindkraft

Statoil vurderer å leggje eit testsenter for ny teknologi innan vindkraft til Lutelandet i Fjaler.

Lutelandet

Lutelandet i Fjaler kan verte plassen der Statoil vil leggje eit testsenter for vindkraft.

Foto: Merete Høidal / NRK

Det er i Teknisk Ukeblad at vindkraftdirektør i energigiganten, Anne Strømmen Lycke kjem med uttalen.

- Lutelandet kan bli ein testarena for ny teknologi, seier Strømmen Lycke til NRK.no.

Vil framleis satse i Fjaler

Denne veka vart det kjent at Statoil vil kvitte seg med vindkraft på land og i staden satse på vindmøller til havs.

Statoil

Statoil vil framleis satse på Lutelandet, sjølv om dei vil kvitte seg med vindkraft på land.

Foto: Andersen, Erik Wiig / Erik Wiig Andersen/NRK

Men Statoil er med i planane om vindkraft på Lutelandet i Fjaler, og det vil det halde fram.

- Det er behov for å ha ein plass der ein for eksempel kan teste ut nye turbintypar, seier Strømmen Lycke til NRK.no.

Kan få testanlegg for ny teknologi

Statoil gjekk inn som hovudaktør for å byggje ein vindmøllepark i 2008 som ein slags kompensasjon etter at dei vann striden med Stortinget og regjeringa om å forsyne Gjøa-plattformen med straum frå Mongstad og ikkje frå Lutelandet.

Når dei no vel å kutte vindkraft på land, blir truleg likevel aktiviteten på Lutelandet berga, som testanlegg.

- Ein kan tenkje seg eit mogleg opplæringssenter for kompetanseutvikling i samband med drift og vedlikehald. Det er mange element som inngår i vår vindsatsing offshore, og det er interessant å ha slik aktivitet i Norge, seier Strømmen Lycke vidare.

- Lutelandet har gode kvalitetar

Statoil håpar på ei avgjerd kring juletider, og seie samarbeidspartnarane på Lutelandet er eit viktig argument for å få dette til.

- Dei er viktige for å løfte fram nye idear. I tillegg er Lutelandet ein passande plass. Dette fordi området er ganske flatt, det ligg nært havet. No er også etablert ei djupvasskai og veg der, så mange av dei fysiske og samarbeidsmessige forholda ligg godt til rette, seier Strømmen Lycke.

Arve Helle

Fjaler-ordførar Arve Helle seier dette er gode nyhende for kommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Og i Fjaler vert desse nyheitene godt motteke.

- Dette går fint i den satsinga vi allereie har i forhold til Lutelandet Offshore sine planar. Dette legg også til rette for at vi kan få til meir aktivitet , så det verkar veldig bra, seier Fjaler-ordførar Arve Helle.