Fanga av porno
Foto: Martin Torstveit / NRK

Fanga av porno

Kristoffer sneik seg ut om natta for å sjå på porno mens sambuaren sov. Det tok lang tid før han innsåg at han hadde eit problem.

Kristoffer sit i sofaen og ser på telefonen sin. Sambuaren hans er på kjøkkenet.

Stemninga mellom dei er litt rar. Dei har ikkje hatt sex på lang tid.

Kristoffer vil ikkje. Han greier ikkje å få den opp.

På mobiltelefonen har han opna appen Snapchat, men han skal ikkje snakke med nokon.

Han skal sjå på porno.

Frå ulike kontoar får Kristoffer tilsendt fleire pornofilmar kvar einaste dag. Desse brukar han mykje tid på. Porno er det beste han veit.

Plutseleg snakkar sambuaren til han.

– Kva er det du driv med?

Kristoffer stivnar til.

Utan at han har fått det med seg, har sambuaren gått forbi han i stua. Ho har fått eit glimt av skjermen.

Sambuaren blir lei seg. Ho lurar på kvifor Kristoffer sit og ser på porno i stua. Kvifor ser han på porno samstundes som han ikkje vil ha sex? Er det noko gale med ho?

Han har ingen gode svar.

ANAL, MILF og BDSM

Kristoffer hugsar denne vårdagen i Trondheim godt. Dagen han blei ferska av sambuaren sin. Ho visste ingenting om pornobruken hans.

Sjølv om det har gått nokre månader, gjer det likevel vondt å tenke tilbake på denne dagen.

Den 25 år gamle mannen som no skal fortelje si historie, heiter eigentleg ikkje Kristoffer. Men han synest det er lettare å stå fram med historia si om han får vere anonym.

Steg for steg har han forsvunne inn i ei verd av videoar på Internett sortert under kategoriar som ANAL, MILF og BDSM.

Dei siste åra har alt måtta vike for lidenskapen til desse videoane. Vener, familie og skule.

Men kor går eigentleg grensa for kva som er ein lidenskap, og kva som er eit problem?

Med grep om museflettene

Me skrur tida tilbake nokre år. Tilbake til den gongen Kristoffer var ni år.

Han har med seg ei veninne heim frå skulen. Foreldra til Kristoffer er på jobb, så dei er aleine i huset.

Veninna har noko ho vil vise fram.

Dei set seg framfor datamaskina.

Etter å ha leita litt rundt på Internett, finn veninna fram til ein video. Kristoffer legg særleg merke til kvinna i videoen. Ho har blondt hår som er dandert til musefletter, og ho er flott å sjå på.

Kvinna startar å kle av seg, og har sex med ein mann. Kristoffer er fascinert av det han ser. Veninna blir flau, og kikkar vekk. Kristoffer klarar ikkje ta auga frå skjermen.

Dette er Kristoffer sitt første møte med pornografi.

Han kjem aldri til å gløyme synet av den blonde kvinna som blir teken bakfrå, mens mannen held eit godt tak i museflettene hennar.

Frå da av skal porno bli ein større og større del av Kristoffer sitt liv.

Ein heilt vanleg vårdag

Dagane etter Kristoffer blir ferska av kjærasten går som vanleg.

Kristoffer vaknar i senga. Han er aleine.

Sambuaren har reist tidleg på skulen.

Perfekt, tenker Kristoffer.

Han finn fram mobiltelefonen, og blar seg fram til Snapchat.

Det ligg mange nye videoar og ventar denne morgonen. Han opnar videoane ein etter ein. Så onanerer han.

Dagen har starta.

Kristoffer kler på seg. Han et frukost. Så set han kursen mot universitetet, der han studerer IT.

Undervegs i førelesninga må han på do. Han finn vegen til herretoalettet. Mobiltelefonen er med i lomma. Han ser på den og tenker seg om.

Kvifor ikkje?

Han finn fram til Snapchat igjen. Der har det kome inn fleire nye videoar. Han onanerer, og går tilbake til skulebenken.

Kristoffer greier ikkje følgje med i undervisinga. Tankane hans er andre stader.

Sambuaren skal ikkje vere heime denne kvelden. Det betyr at han kan sjå på porno. Kristoffer gler seg til alle filmane han skal sjå.

På ettermiddagen spør ein ven om han vil vere med på fest. Kristoffer svarar nei.

Han har planar.

Framfor datamaskina sit han time etter time i mørket. Han har gått lei av å sjå filmar, og han orkar ikkje onanere. Men han kikkar framleis på porno.

Ikkje for å bli tent der og da. Men til seinare bruk.

Han finn filmar han kan lagre på datamaskina. Det er viktig å ha eit godt bibliotek.

Han har blanda kjensler rundt pornobiblioteket sitt frå dag til dag. Nokre gonger vil han slette det. Andre dagar er han stolt.

Kristoffer passar på å legge seg før sambuaren kjem heim. Da slepp han å bli spurt om å ha sex.

Avhengig av porno
Foto: Martin Torstveit / NRK

Porno slår ekte sex

Slik kunne ein typisk dag sjå ut for Kristoffer. Heile dagen kunne dreie seg om porno.

Han tok berre pausar for å ete og gå på do.

Psykolog Britt Kverme har høyrd slike skildringar før.

– Dette er eit typisk mønster for ein som er djupt avhengig, seier Kverme.

Ho er psykolog ved Blå Kors Borgestadklinikken. Der spesialiserer dei seg på å hjelpe folk ut av avhengigheit.

Stort sett får Kverme inn pasientar som er avhengige av rus og spel, men dei siste åra har ho også fått inn pasientar som har eit vanskeleg forhold til pornografi.

Sidan det er knytt mykje skam til pornoavhengigheit, tenker ho det kan vere store mørketal.

– Eg trur dette er eit stort problem for mange menneske, seier Kverme.

Ho har teikna opp ein modell på ei tavle. Den viser korleis hjernen i utgangspunktet har ei naturleg kopling til sex. Der lukt og berøring av eit anna menneske fører til lyst.

Når ein utset hjernen for porno over lengre tid, blir koplingane i hjernen endra. Det som skjer rundt deg når du ser på porno blir sakte, men sikkert det hjernen din assosierer med seksuell aktivitet.

– Det kan vere ljoset frå dataskjermen eller lyden av museklikk som skaper lysten på sex, seier Kverme.

Sidan det finst eit uendeleg bibliotek av pornofilmar på internett, og inntrykket frå desse videoane er så sterke, vinn pornosignalet over berøring og lukt.

Hjernen koplar ikkje lenger intimitet med eit anna menneske som noko seksuelt.

For Kristoffer sin del, betydde det at han ikkje kunne få ereksjon av å vere intim med sambuaren sin.

Britt Kverme. Psykolog ved Blåkors Borgestadklinikken

Britt Kverme er psykolog ved Blå Kors Borgestadklinikken i Skien.

Foto: Sigve Bremer Mejdal / Sigve Bremer Mejdal

Seinsommaren

Sommaren er på hell i Trondheim. Kristoffer er tilbake i byen etter ferien. Klar for eit nytt semester på universitetet.

Han har blitt singel.

Det skjedde rett før sommaren.

Han og sambuaren hadde planlagt ein filmkveld. Kristoffer hugsar godt kor fin sambuaren var den kvelden.

Når filmen var ferdig spurte sambuaren om dei skulle ha sex. Og for ein gongs skuld var Kristoffer faktisk kåt.

Dei sprang til soverommet.

Entusiasmen var stor.

Det var lenge sidan sist.

Men da augeblinken var der greidde ikkje Kristoffer å prestere. Han greidde ikkje å få ereksjon. Dette blei den siste dropen.

Han hadde lenge bore på ei vond kjensle. Ei kjensle han ikkje hadde greidd å identifisere, men som no blir for overveldande.

Han sa at han ikkje ville vere saman med ho meir.

Etter at sjokket hadde lagt seg, var sambuaren einig i at dei burde gå frå kvarandre. Dei hadde sklidd frå kvarandre i lang tid.

Sidan brotet har Kristoffer eigentleg hatt det ganske bra. Det er godt å vere aleine. No får han også sett på porno i fred.

Men det er også ein ny nettstad som tek opp meir og meir av tida hans.

Eit forum der pornoavhengige samlar seg.

Pornosamfunnet

Kristoffer les fleire av innlegga på forumet. Folk fortel om korleis porno har øydelagt livet deira.

Ein mann i USA skriv at ekteskapet hans er over fordi han ikkje greidde å lausrive seg frå pornografien.

Så teit, tenker Kristoffer.

Han ser ein del på porno sjølv, men han har da kontroll. Korleis er det mogleg å bli avhengig?

Ein mann i 20-åra skriv at han har sett på porno sidan han var tolv år, og at han aldri har greidd å få ereksjon når han skal ha sex med ei kvinne.

Forumet heiter Pornfree, og er eit samfunn på nettstaden Reddit. Over 160 000 personar er medlemmer i samfunnet. Brukarane deler opplevingar med kvarandre.

Folk loggar også kor lenge dei har gått utan å sjå pornografi. Det er hovudpoenget med forumet. At du skal avstå frå porno lengst mogleg. Nettstaden skildrar seg sjølv slik:

Dette samfunnet eksisterer for å hjelpe menneske i alle aldrar å overvinne pornoavhengigheit.

Kristoffer blir sitjande og lese historiene på forumet. Utan å tenke at dette gjeld han.

Men i det fjerne kan han kjenne den vonde kjensla kome krypande tilbake. Den har han ikkje kjend sidan han budde med kjærasten.

Han lukkar ned forumet.

Tid for å sjå på porno.

Han finn ein video i kategorien «Shemale». Kvinner med penisar som har sex. Denne typen porno er det einaste som tenner han om dagen.

Det held ikkje lenger med damene på midtsida i Vi Menn.

Hausten

Kristoffer vandrar nedover gatene i Trondheim. Han gruar seg.

Han skal treffe ekskjærasten.

Ho har ein del ting som tilhøyrer han. Han hadde eigentleg håpa at ho berre kunne hengt det utanfor døra, men ho insisterte på at dei skulle treffe kvarandre.

Dei har ikkje sett kvarandre sidan brotet i vår.

Kristoffer ringer på utanfor bustaden.

– Hei, seier ekskjærasten i det ho opnar døra.

Ho verkar glad for å sjå han.

Dei pratar om laust og fast, og Kristoffer får ei rar kjensle. Faktisk fleire rare kjensler.

Det verkar ikkje som om ekskjærasten er heilt over han.

No kjenner også han på tvil. I sommar var han sikker på at han hadde gjort det rette ved å slå opp. At det var til det beste for alle.

Men no som ho står framfor han, kan han ikkje kome på kvifor han slo opp. Han klarar ikkje finne ein einaste god grunn.

Han tenker på dette heile gåturen heim.

Avhengig av porno
Foto: Martin Torstveit / NRK

Avhengig

Kristoffer set seg framfor datamaskina. Møtet med ekskjærasten gjorde noko med han. Han klarar ikkje riste av seg kjensla av at noko er gale.

Han opnar Reddit, og går inn på Pornfree.

Plutseleg er det eitt innlegg som skil seg ut i mengda.

Kristoffer legg først og fremst merke til det fordi innlegget er skrive på norsk. Alle andre innlegg står på engelsk.

Innlegget er skrive av ein journalist frå NRK. Han kallar seg «ReporterMartin».

I innlegget spør han om det finst nokre nordmenn i nettsamfunnet som vil snakke om korleis det er å vere avhengig av porno.

Kristoffer byrjar å skrive ei melding til journalisten, der han reflekterer rundt sin eigen bruk av pornografi. For kvar bokstav han skriv blir den vonde kjensla sterkare.

Plutseleg skyl ei bølgje av skuld og skam innover han. Den vonde kjensla har kome til overflata, og no skjønner han kvifor den har vore der i så lang tid.

Han er avhengig av pornografi.

Kristoffer knekk saman. Han greier ikkje sitje i kontorstolen. Han legg seg på senga.

Gråten som kjem no varar lenge.

No skjønnar han korleis alt henger saman, og det gjer så vondt.

Korleis er det mogleg å bli avhengig av noko så teit? Kva vil folk tru om han?

Kva skal han gjere no?

Ein månad utan porno

Det har gått over 30 dagar sidan Kristoffer innsåg at han er avhengig av pornografi. Det har også gått over 30 dagar sidan han sist såg ein pornofilm.

Han gjekk nyleg til legen med problemet sitt, og han har blitt vist vidare til ein psykolog. Men det er ikkje dei som har hjelpt han å kome hit.

Det er forumet Pornfree. Nettsamfunnet der pornoavhengige deler erfaringar og hjelper kvarandre.

– Først og fremst har det vore ei kjelde til kunnskap, samstundes som det er godt å sjå at andre går gjennom det same som meg. Ikkje minst at folk kjem seg gjennom dette, seier Kristoffer.

Nyleg las han om ein mann som no har gått 700 dagar utan å sjå porno. For Kristoffer er det motiverande. Det er viktig å halde motivasjonen oppe no.

– Eg er livredd for å få tilbakefall. Det er også difor eg gjekk til legen, seier Kristoffer.

Han er usikker på kor mykje det vil hjelpe å prate med ein psykolog om problema, men han er villig til å prøve. For han har ingen andre å snakke med. Det tør han ikkje.

Likevel meiner han det er viktig å setje fokus på problemet. Han trur pornoavhengigheit er eit ganske nytt problem i samfunnet.

Han håper difor hans historie kan hjelpe andre.

– Gå tre veker utan å sjå på porno. Greier du ikkje det, så bør du søke hjelp, seier Kristoffer.

Kristoffer håper at han kan få eit normalt forhold til sex, og at tanken på å vere saman med ei jente ikkje skremmer han.

Etter 30 dagar er Kristoffer ved godt mot, men han veit at vegen er lang. Sjølv reknar han med å måtta gå eitt år utan å sjå på porno, før han er kurert.

Ifølgje fagfolka vil han nok aldri kunne ha eit vanleg forhold til pornografi. Britt Kverme ved Borgestadklinikken meiner ein er best tent med å halde seg heilt borte frå pornoen, om målet er å få eit normalt sexliv.

– Viss ein ser litt porno fell ein ofte tilbake til omfattande bruk. Hjernen er framleis avhengig og det er lettare å miste kontrollen, seier Kverme.

Ho peiker på at det viktigaste når ein skal kome seg ut av avhengigheit er motivasjon.

Og Kristoffer er motivert. Pornobiblioteket på datamaskina er sletta. Så da er det berre å ta ein dag av gongen.

Han vurderer også om han skal ta opp kontakt med ekskjærasten igjen. Men det betyr at han må fortelje ho alt saman. Det er skummelt.

Likevel kan det vere verdt det. For etter at tåka frå pornoen har lagt seg, skjønner han kor flott ho eigentleg er. Inst inne håper han dei kan prøve på nytt om ei stund.

Han må berre bli pornofri først.