Hopp til innhold

Sendt til påskestengt mottak med funksjonshemma son: – Eg føler meg heilt aleine

Ei krigsenke er aleine om å passe på den utagerande sonen sin som spyttar, slår og stikk av. Fleire flyktningar med funksjonshemma barn opplever at dei ikkje får den hjelpa dei treng på norske mottak.

flyktning

PÅ FLUKT: Ein seks år gammal funksjonshemma gut som nyleg har kome til eit midlertidig mottakssenter. Her har han fått ein togbane av Raude Kross som han kan leike med.

Fleire ukrainske mødrer som har flykta med funksjonshemma barn fortel om krevjande opphald på mottaka dei blir sendt til.

– Dei får veldig lite hjelp, og mødrene seier at det verste dei opplever er at dei ikkje får noko informasjon, seier Stine Myking.

Ho er utdanna vernepleiar og jobbar med utviklingshemma barn. Myking skildrar ein vanskeleg kvardag for minst seks flyktningfamiliar frå Ukraina som ho kjenner til, og fryktar det vil kome fleire historier.

Familiane har funksjonshemma barn som treng særskilt tilrettelegging i kvardagen. Dei opplever ikkje at dei får den hjelpa dei treng.

Myking er særleg uroleg for tilstanden til to av familiane, og har difor varsla både UDI og statsforvaltaren.

NRK har møtt begge desse familiane, som no sit på kvar sitt mottak på Austlandet.

Påskestengt mottak

– Sonen min, meg sjølv og bilen min. Det er alt eg har att, seier ei fortvila mor NRK møter på eitt av flyktningmottaka. Kvinna er i ein sårbar situasjon, og av omsyn til ho og barnet har NRK valt å anonymisere dei.

Mora tek fleire gonger til tårene under intervjuet, mens den seks år gamle sonen hennar sit med telefonen i fanget omgitt av leiker. Videoen han ser på YouTube er akkurat spennande nok til at mora kan fokusere på andre ting ei stund.

For når sonen ikkje får nok stimuli, er det vanskeleg for han å sitje stille. Han har lært seg korleis låsen på døra i huset funkar, så det er enkelt for han å stikke av.

Mora må difor fotfølgje han til ei kvar tid.

I tillegg er seksåringen svært utagerande. Han kastar plutseleg ting rundt i rommet, slår og spyttar.

Ifølgje mora har guten blitt verre etter at dei måtte rømme frå heimlandet. I Ukraina gjekk han på spesialskule.

– Alt arbeidet me har gjort for å få han til å fungere godt er no bortkasta, seier mora.

Mannen hennar, som er far til sonen, er drepen i krigen i heimlandet.

Medisiner

Mora viser fram medisinane som sonen hennar treng.

Da NRK besøkte mora og sonen hadde dei budd nokre dagar på mottaket. Dei kom rett før ei helg, og oppdaga da at mottaket berre var bemanna på dagtid i vekedagane.

I påska er det heller inga bemanning ved senteret.

– Eg føler meg heilt aleine, seier mora.

– Kan auke bemanninga ved behov

Da NRK besøkte mottaket stadfesta den lokale leiinga at det vanlegvis ikkje er bemanning i påskedagane, men at alle flyktningane som bur der har eit nummer dei kan ringe viss dei har behov. Utover det ville ikkje den lokale leiinga kommentere saka, og viser til UDI.

UDI opplyser at det er fleire funksjonshemma barn ved ordinære mottak i Noreg, og at det er rom for å auke bemanning ved behov.

– Dersom det er behov for å auke bemanning, inkludert i helgene, så gjer me det gjennom igangsetjing av ekstraordinære tiltak i mottak, seier Belén Birkenes som er regiondirektør i UDI.

NRK kontakta den lokale leiinga ved mottaket tettare opp mot publisering av denne saka. Dei ville framleis ikkje kommentere enkeltsaka, men opplyser at det er naturleg å ta ei vurdering når dei ser at det er behov for utvida tiltak.

Må passe på Dmytrii døgnet rundt

På Edwin Ruud akuttmottak utanfor Mysen er det ein annan flyktningfamilie som strevar med kvardagen. Ukrainske Alyona Skuratovskaya bur der med sin 15 år gamle multifunksjonshemma son Dmytrii, og bestemora hans.

Dmytrii treng hjelp til absolutt alt, og må passast på heile tida for at han ikkje skal falle ut av senga. Hadde ikkje bestemor vore med, kunne ikkje Skuratovskaya gått på do ein gong.

Dmytrii

15 år gamle Dmytrii saman med mora Alyona Skuratovskaya.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Via tolk fortel Skuratovskaya at dagane til sonen bør vere meir føreseielege, og at situasjonen er vanskeleg. Ho er førespegla at ho må bli verande på mottaket i over ein månad.

– Eg har ikkje fått så mykje informasjon, seier Skuratovskaya.

Leiinga ved mottaket i Mysen seier dei prøver å informere så godt dei kan, men innrømmer at det er vanskeleg å ta seg av Dmitry på ein god måte.

Isa Mustafa

Isa Mustafa er mottaksleiar ved Edwin Ruud akuttmottak.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Da familien blei sendt frå Råde fekk mottaket beskjed om at det skulle kome ein rullestolbrukar. Dmytrii har både cerebral parese og epilepsi.

– For situasjonen til akkurat denne guten, så er nok ikkje dette den rette plassen å vere, seier mottaksleiar ved Edwin Ruud akuttmottak Isa Mustafa.

– Kvifor er han her da?

– Det må du spørje UDI om. Me innkvarterer dei flyktningane me får beskjed om, seier Mustafa.

– Krigsflyktningar tek ikkje påskeferie

Vernepleiar Stine Myking etterlyser tiltak frå UDI. Ho meiner avlastningstilbodet for desse mødrene må vere klart når dei kjem til mottaka.

– Desse familiane treng hjelp i den mellomfasen som dei står i no. Krigsflyktningar tek ikkje påskeferie, seier Myking.

Vernepleier Stine Myking

Vernepleiar Stine Myking meiner familiane har krav på mykje meir hjelp enn dei får i dag.

Foto: Tommy Iversen / NRK

UDI stadfestar at det er mange barn og vaksne i norske asylmottak som treng særskilt hjelp. Belen Birkenes vil ikkje gå inn i enkeltsaker, men seier familiane skal få eit forsvarleg tilbod på mottaka.

– Det skal vere eit enkelt, men akseptabelt butilbod, og me skal sjølvsagt leggje til rette for personar med særskilde behov.

Ho vil ikkje kommentere enkeltsakene som NRK har omtala i denne artikkelen.

– Eg kan ikkje uttale meg om enkeltsaker, men eg kan seie at me følgjer opp desse sakene så godt me kan, seier Birkenes.

Kva gjer UDI konkret for å sikre at barna får hjelpa dei skal ha?

– Me set strenge krav til mottaka om at dei skal kartlegge og varsle inn slike særskilde behov. Dei skal også setje i gang tiltak som sikrar at barn og andre i familien får dei tenestene dei har behov for.

Belén Birkenes

Belen Birkenes, regiondirektør i UDI

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Ho seier kommunane no må følge opp.

Barn og unge har fulle helse- og omsorgsrettar. Kommunene desse barna bur i må komme i gang så fort som mogleg med helse- og omsorgstiltak, seier Birkenes.

Kommunelegen i Indre Østfold kommune, der Dmytrii no bur, seier til NRK at dei ikkje fekk varsel om kva behov guten hadde før han kom til akuttmottaket, men at dei no gjer det beste ut av situasjonen.

Mottaksleiar har gjort ein del praktiske tilpasningar, og familien fekk besøk av helsejukepleiar i går.

Ukrainske Alyona Skuratovskaya, hennes 15 år gamle, multifunksjonshemmede sønn Dmytrii og hans bestemor, på deres rom på Edwin Ruud akuttmottak utenfor Mysen, hvor de foreløpig bor.

Alyona Skuratovskaya tek seg av sonen Dmytrii (15) saman med bestemora hans, men har så langt ikkje fått tilgang på hjelpemiddel eller avlastning.

Foto: Camilla Alexandra Lie / Camilla Alexandra Lie