Hopp til innhold

Mangla språkopplæring på mottaket – flyktningen Inna tok saka i eigne hender

Inna Romanenko kunne allereie norsk då krigen i Ukraina førte henne til Noreg for ein månad sidan. Det kjem andre flyktningar til gode.

Inna Romanenko

ENKELT OG GREITT: Inna Romanenko undervisar i grunnleggjande norsk på asylmottaket i Porsgrunn.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Eg veit. Eg kjenner. Eg kan. Eg kan russisk, ukrainsk og engelsk. Eg lærer norsk, seier Victoria (36) med lett aksent.

Orda kjem sakte, men sikkert frå den smilande unge kvinna, som nyleg kom til Noreg som flyktning frå krigen i Ukraina.

– Viktig kunnskap

Litt aksent må ein nesten rekne med.

Ho har trass alt berre sju timar bak seg på skulebenken i kjellaren på Herøya akutt innkvartering, som i dag husar 188 ukrainarar i same situasjon.

Der har landskvinna Inna Romanenko teke initiativ til å halde norskkurs for ukrainarane som har fått mellombels tak over hovudet.

Les også Besøkte ukrainske flyktninger på Herøya: – Er her for å lytte

Jonas Gahr Støre på Herøya for å møte Ukrainske flyktninger.

Sistnemnde er sjølv flyktning, og kom til Noreg for ein månad sidan.

Før krigen starta 24. februar budde det rundt 44 millionar menneske i Ukraina. Ifølgje FN har over 4 millionar no flykta til utlandet. Over 7 millionar er internt fordrivne.

Ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI) er det venta 30.000 flyktningar frå Ukraina til Noreg.

Romanenko kjem sjølv frå Kyiv, der ho har ei mastergrad i internasjonale relasjonar.

Ideen kom av seg sjølv

33-åringen har òg studert norsk, og i samband med dette besøkt Noreg fleire gonger på ferie.

For ein månad sidan måtte ho og dottera reise nordover av heilt andre årsaker.

Førebels er det ikkje noko lett tilgjengeleg språkundervisning for dei nykomne flyktningane i Porsgrunn.

Ideen om å lage eit eige språkkurs dukka opp litt av seg sjølv.

– Det starta med at eg gav nokre nye venner enkel norskundervisning på felleskjøkkenet. Så var det stadig fleire som melde si interesse, fortel Romanenko.

Dermed bestemde ho seg for å gjere det meir «ordentleg».

Inna Romanenko

Inna Romanenko er ikkje norsklærar, men kan likevel gje ein innføring i språket.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Mottaksleiinga synest initiativet var flott, og rydda meir enn gjerne plass til kurslokale i kjellaren.

Ho er verken tolk eller norsklærar, men kan nok til å gi sine landsmenn ei grunnleggjande innføring i det nye språket.

No held ho jamleg kurs for sine landsmenn, og pågangen er stor.

– Det er viktig. Mange har eit ønske om å bli raskt kjent med kulturen i Noreg. Dei vil òg jobbe. Då burde dei kunne språket, seier ho.

Lærer fort

Og sjølv om språkvegen frå Ukraina til Noreg er temmeleg lang, har mange lært dei nye orda raskt, fortel ho.

Dei har starta enkelt.

Kva ein spør om i butikken. Korleis du ber om hjelp til å finne vegen. Vanlege ting som hjelper deg fram i kvardagen.

Ukrainere lærer norsk

Deltakarane noterer flittig når Inna Romanenko deler sine norskkunnskapar. 

Foto: Britt Boyesen / NRK

– Dei som kan andre språk frå før, lærer nok raskast. Særleg dei som kan engelsk. Men også dei som berre kunne ukrainsk har teke språket raskt, skryter Romanenko.

Etter 7–8 timar på kurs, er det mange som kan lage enkle setningar.

– Dei lærer substantiv og stiller spørsmål. Det gir motivasjon, seier ho.

God hjelp

Galina Fonova måtte flykte frå byen Striy i Ukraina for nokre veker sidan. Ho har ei dotter som allereie bur i Bergen, men det norske språket er ho ikkje så godt kjent med.

Ho sit djupt konsentrert i kjellarlokalet i Porsgrunn.

Galina

Galina Fonova (66) puggar norsk for harde livet.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

– Eg er veldig glad og takksam for dette initiativet, seier ho til NRK.

På nabopulten sit Victoria.

Ho kan engelsk frå før, og synest norsk har vore overraskande lett å lære så langt.

– I dag måtte vi lære å telje til hundre. Vi har òg lært oss dagar, vekedagar og fargar. Korleis ein lagar seg setningar til bruk i kvardagen, forklarer ho.

Victoria

Victoria (36) har god nytte av engelsk som utgangspunkt for å lære norsk, meiner ho.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Sjølv skal Romanenko flytte til Asker saman med dotter si om kort tid. Også der har ho planar om å bidra.

Ho har allereie fått jobb, og skal hjelpe til på skular med ukrainske barn.

– Dette er viktig, seier den ivrige «norsklæraren», som tok saka i eigne hender.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark