Hopp til innhold

13-åring bak rattet i stolen bil – tre jenter skadde

Tre jenter i alderen 13 til 16 år er skadde i ei utforkøyring i Andebu i Sandefjord. Det var 13-åringen som førte bilen.

Ulykke Vestre Andebuvei i Sandefjord 17.04.2021

To av jentene vart køyrde til sjukehus i ambulanse.

Foto: PEDER GJERSØE

Ei av jentene vart først omtalt som kritisk skadd. Luftambulansen vart tilkalla til ulykkesstaden, men den hardast skadde jenta vart i staden køyrd i sjukebil til Tønsberg.

Send til sjukehus

Det kan ifølgje operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud i Sør-Aust politidistrikt tyde på at skadane er mindre alvorlege enn dei først trudde.

Ei anna av jentene skal ha moderate skadar. Også ho er send til sjukehuset i Tønsberg. Den tredje jenta blir rekna som lettare skadd og er send til legevakta.

13-åringen som køyrde bilen er den minst skadde av dei.

Politiet kunne ved 6-tida ikkje seie meir om tilstanden til jentene.

Bilen skal ifølgje Sandefjords Blad tilhøyre foreldra til ei av jentene og ha vore stolen heimanfrå.

Ulykka skjedde på Vestre Andebuvei ved 22.30-tida laurdag kveld.

Bilen fekk store skader i fronten, og blei fjerna frå staden med bergingsbil.

Jobbar med saka søndag

Søndag jobbar politiet vidare med å få klarhet i kva som har skjedd, og få betre oversikt over hendinga.

– Vi vil snakke med de involverte i løpet av dagen, seier Fredrik Borg Johannesen til NRK. Han er politiadvokat i Sørøst politidistrikt.

Ulykke Vestre Andebuvei 17.04.2021. Luftambulanse.

Luftambulansen kom og til ulykkesstaden, men skadeomfanget gjorde at jentene i staden vart frakta i sjukebil.

Foto: Tipser / Peder Gjersøe
Laster Twitter-innhold

Ulykka skjedde i Vestre Andebuvei ved 22.30-tida laurdag kveld.