Hopp til innhold

Slaktar trafikkplanar: Tar ikkje omsyn til klima

Vi treng tydelegare planlegging for å nå klimamåla, seier TØI-direktør Bjørne Grimsrud.

Råkjører

TRAFIKK: Regjeringa har fleire mål dei vil oppnå med Nasjonal transportplan.

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

Retting: Mindre retting av ingress og mellomtittel er gjort 26. mars kl. 14.37.

Fredag kjem Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2025 til og med 2036.

Den viser kva regjeringa ønsker å satse på.

Direktør Bjørne Grimsrud i Transportøkonomisk institutt (TØI) er kritisk til planlegginga av korleis folk og varer skal komme seg frå A til B.

Han meiner det må skje ei endring.

TØI leverer analysar av trafikkvekst, forsking og rapportar som dannar grunnlaget for NTP'en. Det gjer også andre aktørar.

  • Det har kome mange lekkasjar frå planane:

Les også NTP-lekkasjane: Regjeringa har lovd vekk over 170 milliardar kroner

Skisse som viser E16 og Bergensbanen i fremtiden, vei og bane ved siden av hverandre

Vil ha meir fokus på klima

Om Noreg skal nå dei internasjonale forpliktingane som vi har tatt på oss i forhold til klima og natur, må vi endre måten vi driv samfunnsplanlegging på, seier Bjørne Grimsrud til NRK.

Vegdirektør Bjørne Grimsrud

Direktør Bjørne Grimsrud i Transportøkonomisk institutt (TØI)

Foto: KNUT OPEIDE/STATENS VEGVESEN / KNUT OPEIDE

Slik det er i dag, tar ein utgangspunkt i historiske tal og bygger vidare på dei, forklarer han.

Da vil for eksempel auka trafikkvekst på veg frå dei siste åra leggas til grunn for kva som skal byggas for framtida.

Som kanskje er det motsette av kva ein treng for å oppnå klimamåla.

OECD har komme med liknande råd til medlemslanda nyleg, fortel Grimsrud i Energi og klima:

Medlemslanda bør ikkje bygge infrastruktur som respons på berekning av auka etterspørsel, dei bør bygge infrastruktur for å nå konkrete mål. Og prosessen bør vere styrt av visjonar, ikkje statistiske framskrivingar.

OECD i sin årlige rapport ITF Transport Outlook

Grimsrud får full støtte av Naturvernforbundet.

– Dette er eit kjempeproblem, seier leiar Truls Gulowsen.

Truls Gulowsen, norsk miljøaktivist

Leier i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Gulowsen seier regjeringa i denne transportplanen har første moglegheit til å vise at dei tar konsekvensane av klimamål og naturvernavtalar dei har underskrive.

– No kan ein planlegge for den utviklinga ein vil ha, ikkje berre bruke tala for trafikkvekst som argument for å bygge nye vegstrekningar, seier Gulowsen.

Håpar klima er hovudmålet

Transport som vil komme betre ut ved å ta omsyn til klima er nettopp bruk av eksisterande infrastruktur som veg, bane, buss heller enn nye investeringar.

Investeringar som skaper ny trafikk, som ferjefri E39, vil komme dårlegare ut.

I staden for å bygge ned meir natur og auke klimautsleppa, peikar TØI-direktør Bjørne Grimsrud på prisar.

Ved å gjere det billigare å reise når det er mykje ledig plass på tog, ferjar og veg, så treng ein ikkje bygge meir, berre utnytte betre det vi allereie har.

Grimsrud håpar at klima og natur er hovudmålet i transportplanane som kjem fredag.

Regjeringa har fleire mål

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund (Ap) er ikkje einig i at dei ikkje bruker transportplanen til å nå klimamåla.

Abel Cecilie Knibe Kroglund

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Cecilie Knibe Kroglund (Ap)

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Vi har ei overordna målsetting om meir effektiv transport. Og så skal vi nå klimamål, vi skal nå trafikksikkerheit, og vi skal få meir igjen for pengane, seier ho.

På spørsmål om ho forstår at folk er frustrert og skuffa over at ikkje akkurat deira prosjekt blir prioriterte, så seier ho:

Vi har stor forståing for frustrasjonen som breier seg når planlagde prosjekt ikkje blir sett i gang.

Fredag får vi fasiten, men allereie no er nokon skuffa.

Hva bør politikerne prioritere?

Nå kjem lekkasjane

I dagane fram til NTP blir offentleg, så lek det gjerne ut nyheiter her og der.

Førre torsdag kom nyheita om at regjeringa vil bruke 23 milliardar kroner på Østfoldbanen, fram til Fredrikstad.

– Det handlar om at vi skal utvikle heile austlandsregionen og bruke tog for å transportere folk ut og inn av byane våre på ein miljø- og klimavennleg måte, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

I Vestfold og Telemark fryktar dei at alle pengane er oppbrukte på andre sida av fjorden.

Da kan toget bokstaveleg talt ha gått for ytre del av InterCity til Halden, Lillehammer og Skien.

Fylkesordførar Anne Strømøy (H) i Vestfold lever framleis i håpet.

Portrett av Anne Strømøy, fylkesordførerkandidat for Høyre i Vestfold.

Fylkesordførar Anne Strømøy i Vestfold

Foto: Robert Hansen / NRK

– Først fikk vi høyre at det ikkje skulle kome pengar til nye tiltak. Men så kom nyheita om 23 milliardar til Østfoldbanen. Da ser eg forventningsfullt fram mot at også Vestfold blir prioritert i transportplanen.

Nå jobbar ho og mange politikarar landet rundt med å påverke dei som sit på Stortinget.

Det er nemleg Stortinget som skal vedta transportplanen før dei tar sommarferie og dei kan forandre på ting.

Retting: Ingress er endra 26. mars kl. 14,37.