Hopp til innhold

Fugl hakka laus på Tesla

Hans Einar Treidene klør seg i hovudet etter at ein tjeld tygde i seg gummi frå Teslaen hans.

Teslaen har en ødelagt gummilist etter at fuglen var på ferde.

TYGGEMERKE: Tjelden øydela gummilista som ligg langs takluka på bilen.

Foto: Robert Hansen / NRK

I sommar var Treidene på Vøra, ei strand utanfor Sandefjord, då det byrja å samle seg fuglar rundt bilen.

– På Teslaer kjem det ein pipelyd når ein lukkar bagasjeluka. Fuglane sette seg og laga ein slik lyd i nærleiken av bilen, seier Treidene.

Plutseleg gjekk ein tjeld laus på teslaen.

– Den åt på gummilista ved takluka og laga ripar i lakken, seier Treidene.

tjelden

NEBB: Det lange nebbet til tjelden vart brukt til å tygge sund gummilista.

Foto: wikipedia

Han klappa slik at fuglane forsvann. Ifølgje søstera hans som bur på Vøra, brukar ikkje fuglane å vere nærgåande.

Han trur pipelyden frå bilen gjorde fuglane aggressive.

Spegelbilde

Martin Eggen, naturvernrådgivar i Norsk Ornitologisk Forening, er usikker på om lyden frå bilen er årsaka til åtferda til fuglane.

– Eg har høyrt om tjeld som har hakka på metall på hustak, og på vindauge der ho har sett sitt eige spegelbilde, seier Eggen.

Han trur tjelden kan ha sett seg sjølv i takluka og vorte trigga av spegelbildet.

– Som regel handlar det om mat. Ein del fuglar som ser spegelbildet sitt i hekketida kan òg bli aggressive.

Hans Einar Treidene viser fram området som ble skadet av fuglen.

MED ET SMIL: Hans Einar Treidene viser fram området der fuglen gjekk til verks med nebbet.

Foto: Robert Hansen / NRK

Kostbart

Eggen seier dei fleste dyr ikkje har sjølvbevisstheit til å forstå at dei ser sitt eige spegelbilde.

For Hans Einar Treidene blei tjeldens møte med Teslaen ein dyr affære.

– Eg snakka med Tesla som meinte ein reparasjon av skadane ville komme på 7–8000 kroner, seier Treidene.

Det er ikkje første gongen dyr gjer hærverk på bilar.

I sommar fortvilte naboar og bilistar i Kristiansund over påfuglar som hakkar på bilane og hindrar trafikken. No set kommunen av millionbeløp for å få slutt på plagene.

Plagsom påfugl i Kristiansund

HAKKAR: Her har ein av naboane til Vanndamman teke bilde av at ein av påfuglane hakkar på ein svart bil.

Foto: Privat

For to år sidan skreiv NRK sak om at gnagarar øydelegg 500 bilar i året.

I fjor sytte beitedyr for skadar til 20.000 kroner i Sogndal då dei sleikte salt av bilar langs vegen.