Hopp til innhold

Kyrne ville berre ha litt salt – prislappen kom på 20.000 kroner

Diana Grundt (43) fekk seg ei overrasking måndag ettermiddag då ho kom tilbake til bilen etter eit besøk til Bøyabreen saman med familien. Fleire saltsjuke kyr hadde påført store skadar på bilen hennar.

Kyr og bil ved Bøyabreen

SALTSJUKE: Kyrne var ute etter salt då dei traska rundt på rasteplassen ved Bøyabreen i Fjærland.

Foto: Diana Grundt

– Det kan ikkje vere så vanskeleg å få betre parkeringsfasilitetar eller å sette opp eit gjerde, seier den fortvilte bileigaren til NRK.

Diana Grundt

BILEIGAR: Diana Grundt (43) fekk skadar på bilen sin frå saltsjuke kyr.

Foto: Privat

Grundt og familien hennar bur i Leikanger i Sogn. Dei valde å reise på ein lokal ferietur til Bøyabreen i Fjærland, som er ein populær stad for turistar om sommaren.

– Vi parkerte på ein rasteplass saman med mange andre, fordi der ikkje var kyr. Vi burde vel ikkje parkere der, men det var trass alt fullt på parkeringsplassen, fortel ho.

Familien åt middag på Brævasshytta og såg på breen. Ungane vassa og kosa seg. Då familien kom tilbake til bilen var den omringa av kyr.

– Eg såg fleire turistar som prøvde å jage vekk kyrne. Mange sette pris på dyra og tok «selfies» med dei, fortel 43-åringen lattermild.

Grundt var klar over at kyrne likar å sleikje på bilar fordi dei vil ha salt.

– Eg må vel rekne med at dette kunne skje når eg parkerte der. Kyrne gjorde nettopp det eg frykta. Dei sto og sleikte på bilen vår, fortel ho.

Kyr og bil ved Bøyabreen

NÆRGÅANDE DYR: Kyrne ville ikkje flytte på seg, så familien måtte krabbe over barnesetet for å komme seg inn att i bilen.

Foto: Diana Grundt

Ei av kyrne hadde horn og dunka bort i bilen hennar. Bilen fekk lakkskadar og bulkeskadar i tillegg til knekt spegel.

– Kyrne bør få gå fritt

Grundt meiner det må vere trasig for turistar å komme tilbake til parkeringa og oppdage at bilen er øydelagd. Sjølv tek ho det ikkje så tungt. Ho prisar seg lukkeleg over at ho har kaskoforsikring på bilen og berre må ut med 2000 kroner for å få bilen reparert.

– Der kan vere turistar med leigebilar som kanskje skal leverast innan nokre dagar. For min del går det greitt. Det var trass alt ein gammal bil.

Grundt etterlyser betre løysingar for parkering ved Bøyabreen.

– Det er jo så lett å berre sette opp eit gjerde! Min bil fekk skadar for 20 000 kroner, men i teorien kan kyrne ha øydelagt for fleire hundre tusen kroner dersom fleire bilar har fått skadar.

Sogndal kommune seier til NRK at dei vil sjå på eventuelle tiltak for parkeringsfasilitetane ved Bøyabreen i august når ferien er over.

Kyr og bil ved Bøyabreen

BILSKADAR: Bileigar Diana Grundt (43) fekk skadar på bilen frå beitedyr i Fjærland.

Foto: Diana Grundt

Grundt legg vekt på at ho ikkje vil legge noko skuld på verken kyrne eller bøndene.

– Kyrne bør absolutt få gå fritt. Dei høyrer verkeleg heime i dette landskapet. Takka vere dei har vi eit så fint landskap som vi kan vise fram til turistane, seier ho.

43-åringen meiner likevel det er unødvendig ressursbruk for forsikringsselskapa.

Gjensidige: – Saltsmak i lakken lokkar dyra

Bilskadar påførte av dyr er ein relativt ukjend problematikk for Arne Voll i Gjensidige, som seier det stort sett handlar om påkøyrsel av dyr.

– Det som gjer at bilane er interessante for mellom anna kyr og geiter er saltinga av vegane om vinteren. Det set seg ein saltsmak i lakken. Det er derfor dei begynner å sleikje på lakken.

Voll er overraska over kor mange skadar som blir melde inn.

– Gjensidige har eit titals slike skadar kvar sommar, fortel han.

Årleg er det snakk om 20-30 skadar påført av geiter eller kyr.

Arne Voll

OVERRASKA: Arne Voll i Gjensidige er overraska over kor mange skadar dyr påfører bilar årleg.

Foto: Gjensidige

– Kyr er store, solide dyr. Bjøllene kan skrape opp panseret eller kyrne kan dulte bort i sida på bilen, seier han.

Voll fortel at ei kaskoforsikring dekker slike skadar på bil. Det er ikkje bonustap ved slike bilskadar, og ein får redusert eigenandelen med 2000 kr på grunn av at bilen har vore i kontakt med dyr.

– Det er klart at det er kjedeleg når ein er så uheldig som Grundt var, avsluttar han.