Hopp til innhold

Her øydelegg påfuglar bilane – no tar kommunen grep

Naboar og bilistar fortvilar over påfuglar som hakkar på bilane og hindrar trafikken. No set kommunen av millionbeløp for å få slutt på plagene.

Plagsom påfugl i Kristiansund

HAKKAR: Her har ein av naboane til Vanndamman teke bilde av at ein av påfuglane hakkar på ein svart bil.

Foto: Privat

Med korte steg trippar påfuglane ved parkområdet Vanndamman i Kristiansund rundt på graset. Dei store fuglane med vakre fjør er for mange ein attraksjon, men for bilistane i området er synet alt anna enn idyll.

Dei siste åra har fuglane vore til stor plage for naboane. Det er gjerne svarte bilar som får gjennomgå og fuglane får skulda for riper og hakk.

– Teorien min er at påfuglen ser sitt eige spegelbilde i bilen, og går då til angrep, seier nabo Kitty Eide.

Kitty Eide, kommunikasjonssjef i Shell/Ormen Lange

Men trass i plagene er Kitty Eide klar på at det er kjekt med påfuglar som nabo.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Nytt gjerde til 1,4 millionar

Etter mange klagar frå naboane tar kommunen grep. Dei vil bruke 1,4 millionar kroner på å bygge eit nytt gjerde rundt dammen der påfuglane held til.

Påfuglen kjem seg lett over gjerdet.

HOPPA OVER GJERDE: Dette gjerdet er for lågt for å klare å halde påfuglane inne.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi byter ut det gamle gjerdet, med eit gjerde som er høgre. Då håpar vi påfuglen ikkje klarer å kome seg over, seier Tore Lyngvær, kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune.

Saka vart først omtalt i Tidens Krav.

Det er ekstraordinære krisemidlar frå regjeringa på grunn av koronapandemien som gjer det mogleg å finansiere dette.

– Påfuglane har vore til sjenanse for naboar og bilistar over land tid, seier Lyngvær.

– Umogleg å gjerde påfugl inne

Som nærmaste nabo er Kitty Eide spent på om eit nytt gjerde faktisk vil hjelpe til å halde påfuglen på plass. Det har jo god grunn til fortel, Tuva Thorson, dagleg leiar i Langedrag naturpark.

– Det er umogleg å gjerde inne påfugl, dei kan flyge over det aller meste, seier Thorson.

På Langedrag flyg påfuglane frå tak til tak og Thorson seier einaste måte å halde ein påfugl bak eit gjerde på er å sette netting over innhegninga, eller klipe av nokre av fjøra på vengene.

Tuva Thorson, Langedrag

Tuva Thorson har hatt påfuglar rundt seg i nesten 60 år og har nå fire påfuglar på Langedrag.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Å klippe fjør gjer ikkje vondt for fuglane og då kan dei ikkje flyge. Men det må gjerast minst ein gong i halvåret, seier Thorson.

Sjølv har ho hatt påfuglar sidan ho var lita og seier teorien, om at fuglane angrip bilar fordi dei ser spegelbildet sitt, er heilt rett.

– Det er naturleg oppførsel for påfugl, dei ser på spegelbildet som ein rival og markerer reviret sitt, seier Thorson.

Unngår å vaske bilen

I Kristiansund fortel Kitty Eide at naboar til påfuglane ikkje kan ha svart bil, og helst må ein unngå å vaske og polere bilen frå april til oktober.

– Eg hadde parkert den nyvaska svarte bilen min utanfor huset mitt ein gong. Så oppdaga eg at det hadde kome ein del riper på han. Eg skulda borna mine for å ha gjort det, men skjønte etter kvart at det var ein av påfuglane som hadde vore på ferde, seier ho.

Plagsom påfugel som er på veg inn til naboen sin.

Plagsam påfugl på veg inn til naboen sin.

Foto: Privat