Hopp til innhold

Sjå Ådne Naper spørjast ut

SV er venstrekantpartiet som brått blei regjeringsparti i 2005, og som nå kjemper mot sperregrensa etter åtte år med regjeringsslitasje.

Ådne Naper spørres ut av NRK Telemark

Ådne Naper spørres ut av NRK Telemark

Forløparen til SV; Sosialistisk Folkeparti blei stifta i 1961 som eit protestparti mot norsk utanrikspolitikk, tufta på motstand mot NATO, atomkraft og EEC, som EU heitte den gongen.

Då SF blei omdanna til SV etter EU kampen i 1972, kom den første store oppturen for partiet. I Telemark blei den tidlegare AP-politikaren Arne Kielland den første SV-stortingsrepresentanten, og SV blei nest største parti i Telemark i 1973.

Les også:

Farvel til opposisjon

Ådne Naper

Ådne Naper (SV) er gjest i Telemarksendinga i dag.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Sidan har det gått i bølgjer for SV.

Partileiarane Erik Solheim og seinare Kristin Halvorsen frå Porsgrunn brakte SV til nye høgder og tok partiet frå rolla som eit reint opposisjonsparti på venstrekanten til eit mogleg regjeringsparti i samarbeid med Arbeiderpartiet.

I 2005 blei det raudgrøne samarbeidet etablert, der også Senterpartiet blei med. Kristin Halvorsen var ein av hovudarkitektane bak dette prosjektet, og dei raudgrøne har nå har styrt landet i åtte år.

Indre strid

SV har som Senterpartiet vore i den vanskelege rolla som juniorpartnar i regjeringa. Partiet har hatt store problem med å få ut til folket at dei verkeleg har klart å prege politikken til den raud grøne regjeringa.

Det har ikkje gjort saka enklare for regjeringspartiet SV eigne medlemmer har vore aktive til å kritisere og demonstrere mot regjeringa for å ikkje føre SVs politikk.

Dette forklarer mykje av tilbakegangen SV har opplevd gjennom åtte år i regjering.

Ny topp i Telemark

I Telemark stiller SV i år med unge og friske Ådne Naper frå Skien, som driv valkamp med stort engasjement. Han har to store utfordringar:

Den første er at SV kjempar rundt sperregrensa på fire prosent, og står på kanten av stupet, i fare for å falle heilt ut av Stortinget. SV er avhengig av eit løft i oppslutning over heile landet for å gjere eit akseptabelt val.

Den andre utfordringa er at i Telemark er det ein sterkt svekka partiorganisasjon Naper har i ryggen, noko som betyr at han må gjere det meste av jobben sjøl.