Halvparten av Telemark vil ha Ap

Nesten halvparten av veljarane i Telemark stør Arbeidarpartiet. No vil Telemark Arbeidarparti gjere 30-årige Sven Tore Løkslid til fylkesordførar i samarbeid med Venstre.

Svein Tore Løkslid

Svein Tore Løkslid kan verte ny fylkesordførar etter valet til hausten.

Foto: Johs Apold / NRK

Tall frå nettstaden Poll of Polls viser at Arbeidarpartiet får 47,2 prosent av stemmene.

Det betyr at 30 år gamle Sven Tore Løkslid frå Hjartdal kan bli ny fylkesordførar:

– Eg setter jo pris på slike meiningsmålingar. Det både inspirerer og motiverer.

Tala frå nettstaden Poll of Polls syner at Arbeidarpartiet vinn tre mandat, og kjem tilbake med 19 av 41 representantar i det neste fylkestinget. Høgre taper tre mandat, medan det er små endringar mellom dei andre partia.

Olav Kasland

Bø-ordførar Olav Kasland avviser ikkje å stø Arbeidarpartiet etter valet.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø

Det tyder at Arbeidarpartiet kan få fleirtal til dømes i eit samarbeid med Venstre. Venstre sin listetopp Olav Kasland avviser ikkje ei slik løysing.

– Dersom det er sånn at Arbeidarpartiet gir oss meir gjennomslag enn andre parti, så er det ein moglegheit.

Vil gjerne halde fram i jobben

I dag er Terje Riis-Johansen frå Senterpartiet fylkesordførar i eit raudgrønt samarbeid med Arbeidarpartiet og SV. Riis-Johansen kan godt tenke seg å halde fram som den fremste tillitspersonen for 172.000 innbyggarar i Telemark.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen vil gjerne halde fram i jobben.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Ja, det har eg lyst til. Eg synest det har vore ein veldig spanande periode. Eg synest vi byrjar å få til ein god del ting.

Problemet til fylkesordføraren er at Sven Tore Løkslid og eit veksande Arbeidarparti neppe vil ta til takke berre med vervet som fylkesvaraordførar i ein ny periode.

– Vi har eit godt samarbeid i dag og avviser ikkje at det kan fortsette, men fyrst må veljarane seie sitt, seier Løkslid.

– Men spørsmålet mitt er om du kan tenke deg å vere fylkesvaraordførar under ein fylkesordførar frå Senterpartiet?

– Det kan eg ikkje ta stilling til no. Eg vil understreke at eg er Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat.

Mest sannsynleg av Arbeidarpartiet overtar

Ni månader før valet er det mest sannsynlege at Arbeidarpartiet overtar fylkesordføraren, enten i eit raudgrønt samarbeid eller i eit samarbeid med Venstre. Men også Senterpartiet har historie for å skifte side, sjølv om utgangspunktet til fylkesordføraren er raudgrønt.

– Det handlar både om politikk og personar. Stort sett har vi vore einige i politikken, og på det personlege plan har det vore veldig bra, seier fylkesordførar Terje Riis-Johansen.