Hopp til innhold

Pål Berby (R) i partiutspørjing

SV er halvert etter åtte år i regjering, men partiet Rødt har ikkje klart å utnytte dette til å vinne nye veljarar. Sjå utspørjing av Pål Berby (R) her.

Utspørring av Pål Berby - Valg 2013

I år stiller Rødt med Pål Berby på topp. Sjå utspørjinga av Berby her.

Det er to parti som stiller til val i år som kallar seg sosialistiske: SV og Rødt.

Eit visst politisk slektskap er det mellom dei to partia. Så lenge begge var i opposisjon, var det ganske trongt å finne plass på venstrekanten i norsk politikk.

Men SV som regjeringsparti gjennom åtte år har gitt store rom til å breie seg for konkurrenten Rødt.

Les også:

Når ikkje fram

Men dette rommet har partiet yttarst på vingen ikkje nytta seg av. SV har mista tusenvis av veljarar etter åtte år i regjering, og Rødt har ikkje klart å fange opp nokon av dei, skal vi tru meiningsmålingane.

Det kan tyde på at bodskapen frå Rødt framleis er for ytterleggåande revolusjonært for nordmenn flest. Førebels er det lite som tyder på at Rødt blir noko anna enn eit miniparti på 1–2 prosents oppslutning i år heller.

Lokal suksess

I Telemark har det tidlegare RV, nå Rødt hatt ein viss suksess i lokalpolitikken. Rødt har fått fram markerte politikarar i kommunepolitikken i Kragerø, Bamble, Porsgrunn, Skien og Notodden.

Størst suksess utan tvil på Notodden. Det breie venstresidesamarbeidet med SV og uavhengige, gjennom Solidaritetslista, har gitt rødt-politikarar makt og posisjon gjennom fleire valperiodar i eit samarbeid med Arbeiderpartiet.

Berby ny Rødt-topp

I år stiller Rødt med Pål Berby på topp. Han er lokalpolitikar i Porsgrunn bystyre – men kanskje mest kjent som ein eldsjel i musikk og kulturlivet i byen.

Han har ein stor jobb framfor seg, viss ambisjonen er å bli ein kjent politikar for heile Telemark, og deretter freiste telemarkingane til å velje han inn på Stortinget.