Hopp til innhold

Terje Lien Aasland i partiutspørjing

Se utspørjinga av Arbeiderpartiets førstekandidat i Telemark, Terje Lien Aasland, her.

Utspørring av Terje Lien Aasland - Valg 2013

Utspørring av Terje Lien Aasland

Arbeiderpartiet kan kanskje koste på seg ein 80 års markering i haust.


Sidan 1933 har Arbeiderpartiet vore det største partiet i Telemark.
19 stortingsval på rad: Vinn Arbeiderpartiet valet i Telemark også 9. september i år, blir det 80 år som det største partiet, 20 val på rad.

Høgre kan bli størst

Men for første gong på desse 80 åra blir Arbeiderpartiet i år verkeleg utfordra: Høgre kan bli største partiet i landet - og meiningsmålingane viser at Høgre er nær jamstore med Ap også i det raude fylket Telemark.

Fylkesleiar og førstekandidat Terje Lien Aasland frå Skien har dermed ein kjempejobb føre seg denne valkampen: Han skal lose partiet fram til ein ny valseier.

Viss Arbeiderpartiet og dei raudgrøne taper valet i Telemark, og det blir borgarleg fleirtal på Telemarksbenken, taper dei og regjeringsmakta.

Terje Lien Aasland er ein av få telemarkspolitikarar med rikspolitisk posisjon og innverknad. Han kom inn i rikspolitikken som eit friskt pust i 2005: frå lokalpolitikk og fagforeningsarbeid i Skien.

Åtte år på Stortinget

Unionsaka hjelpte Lien Aasland og Arbeiderpartiet til eit godt val i 2005, etter det dårlegaste AP-valet i Telemark på 70 år i 2001.

Nå har Lien Aasland fire år bak seg som Arbeiderpartiets førstemann frå Telemark, han er fylkesleiar og leiar i Næringskomiteen på Stortinget.

Etter 8 år med raudgrøn regjering er hovedutfordringa for Lien Aasland og Arbeiderpartiet å mobilisere tusenvis av veljarar som har sett seg godt til rette i sofaen.