Hopp til innhold

Slik snakkar du med barna om Trump

PORSGRUNN (NRK): Unicef Norge oppfordrar foreldre til å ta ein prat med barna etter det amerikanske presidentvalet. Atle Dyregrov, fagleg leiar ved senter for krisepsykologi, seier at det er viktig å snakke med barn som fryktar ein ny verdskrig.

SKEPTISKE: Elevane ved Kjølnes ungdomsskule har høyrd mykje rart om den nye presidenten i USA.

Han skal jo byggje den muren for å stengje ute Mexico. Da kan det jo bryte ut krig mellom dei, seier Ferdinan Johnsen.

Han er elev ved Kjølnes ungdomsskule i Porsgrunn, og er blant dei som er litt nervøs etter at Donald Trump vart vald til den neste presidenten i USA. Fleire av klassekameratane hans har også høyrd mykje skumle ting om Donald Trump.

Sjå meir om bekymringane til skuleelevane i videovindauget øvst i saka.

Unicef Norge trur Johnsen og klassekameratane hans ikkje er dei einaste unge som treng nokre roande ord etter presidentvalet. Dei trur nemleg at mange barn og unge er redd for at verda no vert ein farlegare stad.

Kristin Oudmayer pressebilde

PRAT MED BARNA: Fagansvarleg i Unicef Norge, Kristin Oudmayer, meiner foreldre og andre vaksne må ta grep no.

Foto: Unicef / Unicef

– Barn og unge høyrer meir enn me trur. Brukar me skremmebilete, så skaper det frykt hos barna. Det må me prøve å unngå, seier fagansvarleg i Unicef Norge, Kristin Oudmayer til NTB.

– Følsam alder

Fagleg leiar ved senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov er einig i oppfordringa som Unicef kjem med.

Eg kjenner jo på dette sjølv, og det trur eg mange andre vaksne gjer også. Sidan barn og unge er ei følsam gruppe, så seier det seg sjølv at dette kan uroe mange, seier Dyregrov.

– Korleis skal dei vaksne gå fram når dei skal snakke med barna?

Atle Dyregrov

KJENNER PÅ VALET SJØLV: Fagleg leiar ved senter for krisepsykologi, Atle Dyregrov

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det er viktig å få fram at sjølv om USA har fått ein ny president, så bryt ikkje heile det politiske systemet saman, seier Dyregrov

Han legg til at vaksne må understreke for barna at frykta for eventuell atomkrig og annan krig er overdrive.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog