Hopp til innhold

Amanda (30) tør ikkje bli fastlege

Fastlegekrisa blir større i heile landet. Unge legar vil ikkje ta jobben, og pasientane er fortvila: – Fastlegen har i lang tid vore den einaste stabile legen.

Amanda Jensen Einungbrekke - fastlegevikar ved Klosterhagen legesenter i Skien.

SKREMT VIKAR: Amanda Jensen Einungbrekke starta som fastlegevikar i april. Men ho er ein av mange unge legar som ikkje tør å bli fastlege. Ho merkar allereie no at jobben er krevjande.

Foto: Lars Tore Endresen / foto

– Eg likar å jobbe som fastlege, men eg vil ha eit liv ved sidan av jobb. Ikkje berre sitte lange kveldar på kontoret, seier Amanda Jensen Einungbrekke.

Ho starta nyleg som fastlegevikar ved Klosterhagen legesenter i Skien. Ein kommune som slit med å tilsette nye fastlegar. Men Einungbrekke ville ikkje ha jobben som permanent fastlege.

For delar av jobben skremmer ho.

– Det er så mange arbeidsoppgåver. Det ser også ut til å bli verre, det skremmer meg aller mest, seier den unge legen.

NRK forklarer

Kvifor er fastlegeordninga i krise?

Kvifor er fastlegeordninga i krise?

Kort om fastlegerdninga

I 2001 blei fastlegeordninga innført. Slik fekk alle som er busett i Noreg rett på eigen fastlege. Det er kommunane som må inngå avtalar med legane for at dei skal bli fastlegar. 

Kvifor er fastlegeordninga i krise?

Utfordringar for ordninga

I fleire år har fastlegeordninga hatt problem. Legane klagar på stort arbeidspress, og mange legar har slutta som fastlegar. Fleire og fleire kommunar melder at dei slit med å rekruttere nye fastlegar. 

Kvifor er fastlegeordninga i krise?

Handlingsplan frå styresmaktene

Helse- og omsorgsdepartementet har lagt ein plan for korleis dei skal redde fastlegeordninga. Frå 2020 og fram til 2024 skal det setjast inn ei rekke tiltak for å betre allmennlegetenesta. Men det er ikkje alle som meiner denne planen er god nok. 

Fastlegekrise

Legar og kommunar over heile landet melder om ei fastlegeordning i krise. Det er ikkje berre små distriktskommunar som slit, men også større byar som Tromsø, Skien og Sandefjord.

Kommunane greier ikkje skaffe nye fastlegar.

Fastlege Gisle Roksund har i mange år prøvd å åtvare styresmaktene om krisa. Han peiker på at problema rundt fastlegeordninga allereie er store, og det blir berre verre.

– Over 100 000 nordmenn står utan fastlege, og over 100 kommunar har pasientlister utan lege.

For å bli fastlege må legane kjøpe pasientlister av kommunen. Det inneber ein personleg økonomisk risiko. Roksund ser at unge legar ikkje vil kjøpe seg inn i eit overarbeidd arbeidsliv.

Roksund seier det er pasientane som blir taparane til slutt.

Gisle Roksund - fastlege ved Klosterhagen legesenter i Skien.

Gisle Roksund er fastlege ved Klosterhagen legesenter i Skien. Han har jobba som fastlege i over 40 år. Han er blant dei mange fastlegane som nærmar seg å gå av med pensjon.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Frustrerte pasientar

Nina Knagenhjelm har dei siste åra vore mykje på legebesøk. Ho er sjølv utdanna lege, men har i mange år vore kronisk sjuk. Da har ho har fått kjenne korleis det er å vere pasient.

– Fastlegen har i lang tid vore den einaste stabile legen, seier Knagenhjelm.

Som langvarig pasient var ho i mange år vore ein kasteball i helsetenesta. Ho har fleire gonger opplevd at ho må kvalifisere til behandling, og har ofte hatt liten makt sjølv.

– Det kan vere tøft. Særleg når ein er sjuk over tid, seier Knagenhjelm.

Retten på ein fastlege har difor vore viktig.

– Fastlegen er også den einaste legen eg vel sjølv, og legen kan ikkje velje meg bort. Det gjev meg ei kjensle av kontroll. Viss vedkommande ikkje fungerer kan eg bytte, seier Knagenhjelm.

Ho kjenner også mange andre pasientar som har same erfaring.

For pasientane er det difor viktig at fastlegeordninga blir redda. Slik at det finst ein reell moglegheit til å bytte lege.

Da trengst det nye legar.

Nina Knagenhjelm

Nina Knagenhjelm har vore kronisk sjuk i over 20 år. Ho har god erfaring med fastlegeordninga.

Foto: privat

Meir pengar

I fjor la Helse- og omsorgsdepartementet fram ein plan for korleis dei skal redde fastlegeordninga. Dei skal blant anna bla opp 1,6 milliardar kroner.

– Det er for lite pengar. Det trengst 4 milliardar kroner. Me treng nye legar no, og det kostar, seier Roksund.

Men styresmaktene er ikkje einige i at ein kan kaste pengar på problemet.

Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær HOD

Maria Jahrmann Bjerke er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho seier dei har tru på den handlingsplanen som departementet la fram i fjor. Og at alle tiltaka deira vil styrke fastlegeordninga.

Foto: Borgos Foto AS

– Det er fleire tiltak i planen vår, og det er alle desse tiltaka som til saman vil styrke allmennlegetenesta, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Maria Jahrmann Bjerke.

Statssekretæren peiker også på at det er for tidleg å vurdere handlingsplanen, og at dei vil sjå om det trengst justeringar i planen på sikt.