Hopp til innhold

– Ikkje sei at ferien er kansellert

Nesten halvparten av landets befolkning vil bruke mindre pengar på ferie i år. – Hald på det at ferien kan vere eit eventyr, sjølv om han blir i nærområdet eller rundt i Noreg, rådar forbrukarøkonom.

Kanotur i nærmiljøet

Ein kanotur i nærmiljøet kan vere ein triveleg aktivitet for mange. (Illustrasjonsbilde)

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

I sommar skal mange nytte det Noreg har å by på.

I ei undersøking gjort for DNB oppgir nesten halvparten av dei som har svart, at dei vil bruke mindre pengar på ferie denne sommaren.

– Me er inne i eit spesielt år på grunn av korona. Det er klart at mange skal bruke mykje mindre på ferien og fleire skal feriere i Noreg, seier forbrukarøkonom i DNB, Silje Sandmæl.

I undersøkinga oppgir nordmenn at dei i snitt per husstand skal bruke 13.411 kroner på ferie. Tilsvarande tal frå i fjor låg på 19.841 kroner.

Sandmæl seier at beløpet aldri har vore så lågt. Men det treng ikkje gå utover kvaliteten på ferien.

Forbrukarøkonomen har eit råd til barnefamiliar i landet.

– Ikkje sei at ferien er kansellert eller at de ikkje har råd. Hald på det at ferien kan vere eit eventyr, sjølv om han blir i nærområdet eller rundt i Noreg.

Silje Sandmæl

DET TRENG IKKJE KOSTE SÅ MYKJE: Ta ein dagstur. Dra fram teltet, ta med kokesettet og opplev norsk natur, seier Silje Sandmæl.

Foto: DNB

Kanselleringar

I den same undersøkinga seier også nærmare tre av fem at den planlagde sommarferien har blitt kansellert eller avbestilt.

– I tillegg har mange blitt permittert, så 25 prosent oppgir at ein vanskelegare økonomisk situasjon er årsak til at dei har endra ferieplanane i år, seier Sandmæl.

Framleis tøft

Sjølv om mange nordmenn skal feriere i Noreg denne sommaren, er det tøft for reiselivsnæringa, seier leiar for Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.

Leder i Virke Reiseliv, Astrid Bergmål

NYTTE HØVET: Leiar i Virke Reiseliv håpar folk vil nytte dei tilboda ein finn i Noreg.

Foto: Virke Reiseliv

– Me er nok redde for at det ikkje veg opp for dei utanlandske turistane som ikkje kjem.

Virke Reiseliv ser tendensar til at mange har tenkt til å feriere i eigen region og lokalmiljø, komme seg ut på tur og bruke eigen hytte denne sommaren.

– Dette er ein sommar der ein verkeleg har høve til å oppleve nye ting. Mange hadde eigentleg tenkt å dra til utlandet, men skal no feriere i Noreg.

– Eit av verdas vakraste land

Sandmæl er ikkje i tvil om at ein har mange høve til å få ein god ferieoppleving i Noreg.

– Det er utruleg mykje ein kan gjere som ikkje kostar så mykje pengar. Me bur faktisk i eit av verdas vakraste land.

I undersøkinga kjem det fram at mange skal ferdast langs vegane i sommar.

– Eit sparetips på biltur er å ha ein kjølebag i bilen med drikke og mat.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark