Hopp til innhold

Professorar: – Regulerte vassdrag reduserer risiko for flaum

Det er flaumfare i store delar av Sørlandet. Men risikoen for flaumskadar er mykje mindre dersom du bur ved eit regulert vassdrag enn ved eit uregulert, meiner professorar ved NTNU.

Flom på Voss

Her ser vi korleis flaumen har ramma Voss. Desse kajakkpadlarane er på Prestegardslandet.

Foto: Tom Hansen / TOM HANSEN

Onsdag kom vassmagasintala til NVE som viser at magasinfyllinga i heile landet er på 80,5 prosent. Det er ei endring på minus 1,4 prosentpoeng frå førre veke.

Statnett har endra si vurdering av energisituasjonen frå stram til normal. Det er nå lite sannsynleg at vi må rasjonere kraft denne vinteren, opplyser dei.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for delar av Telemark og Agder. Her er det venta opp mot 60 millimeter regn frå onsdag kveld til torsdag kveld.

Det er mest venta nedbør i område litt innanfor kysten i grensetraktene mellom Telemark og Agder. Nedbøren vil truleg ha ein jamn intensitet heile perioden.

Det er fare for stengde vegar og overvatn i tettbygde område.

Flom i Skien

Slik såg det ut ved Strøm Mat og Bar i Skien i 2015 då Skienselva gjekk ut over sine breidder.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Stod i vatn til hofta i restauranten

I 2015 var det flaum i Skiensvassdraget, og øydeleggingane var store. Men Skiensvassdraget er regulert.

Multiconsult sin rapport frå 2018 har berekna at denne samfunnsnytta for Telemarksvassdraget åleine er om lag 100 millionar kroner årleg gjennom redusert, økonomisk skade.

Nathalie Nicholson er dagleg leiar på Strøm Mat og Bar som blei råka av flaum på grunn av store nedbørsmengder over kort tid. Ho hadde aldri trudd det skulle bli så ille.

– Det rant berre vatn inn i restauranten. Vi stod vatn opp til hofta.

I 2015 blei restauranten stengt i 2,5 månader og alle tilsette blei permittert. For det tok fire veker før betongen i golvet tørka, og arbeidet med reparere skadane kunne starte.

No håpar Nicholson at det ikkje skal skje igjen, sjølv om ho legg merke til at det er mykje vatn i Skiensvassdraget om dagen.

– Det var tøffe tider. No er eg optimist og håpar det ikkje skal skje igjen.

Nathalie Nicholson er dagleg leiar på Strøm Mat og Bar i Skien.

Nathalie Nicholson er dagleg leiar på Strøm Mat og Bar i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Flaumdempande effekt

Tor Haakon Bakken og Oddbjørn Bruland, som begge er professorar ved Institutt for Bygg og miljøteknikk ved NTNU i Trondheim, meiner regulerte vassdrag reduserer risiko for flaum.

– Vi har vore gjennom ein historisk tørr sommar i delar av landet og vassmagasina hadde lenge ei veldig låg fyllingsgrad. Dette, saman med ekstrem høg kraftpris i Europa, medførte høge kraftprisar her heime og eit folkekrav om at vi mykje sørgje for høgare fyllingsgrad i magasina våre.

Dei aller siste vekene har vi nærma oss normal magasinfylling for årstida.

– Vassmagasina har ein flaumdempande effekt, så sant dei ikkje er heilt fulle. Er magasina i regulerte vassdrag fulle, vil flaumfaren auke også her, seier Bakken.

Ved Sundsbarmvatnet, som er en del av Skiensvassdraget, er det nå snø og mye vann. Bildet er fra 23.11.22.

Slik ser det ut i Sundsbarmvatnet, som er ein del av Skiensvassdraget, onsdag formiddag. Innsjøen leverer vatn til eit kraftverk i Skiensvassdraget.

Foto: NRK

– Kan ta toppane av flaumen

Professorane viser til at Vestlandet nettopp har vore gjennom eit nytt flauminferno. Nokre område vart hardt ramma, medan andre område slapp mykje billigare unna.

Verst gjekk det truleg utover Voss og Vossevangen, som ikkje har magasin som dempar flaumen.

Tor Haakon Bakken er professor ved NTNU i Trondheim. Han meiner regulerte vassdrag minskar risikoen for flaumskader.

Tor Håkon Bakken seier det også kan vere mange ulemper med regulerte vassdrag med tanke på natur og miljø.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Vi ser det gong på gong når det kjem flaum. Bur du ved eit regulert vassdrag, er risikoen for å få flaumskadar mykje mindre enn viss du bur ved eit uregulert vassdrag, seier Tor Haakon Bakken.

Han meiner vassmagasina dempar flaumen.

– Dei tek i mot flaumen, lagrar han og tek bort toppane.

Les også Bygden har opplevd fem 20-årsflommer på bare åtte år

Flaumtunnelar kan vere løysinga

Nye modellar for å kontrollere flaum er blitt testa gjennom datamodellar på NTNU, blant anna å bygge ein flaumtunnel. Det har blitt greidd ut både i Voss og Stryn.

Oddbjørn Bruland er professor ved NTNU i Trondheim. Han meiner flaumtunnelar kan redusere risiko for flaum.

Oddbjørn Bruland meiner ein flaumtunnel som leiar vatnet direkte til havet vil ha stor flaumreduserande effekt.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Voss er ein av dei mest flaumutsette stadene i Noreg og dei mindre elvane som drenerer vatnet inn i hovudvassdraget er veldig lite regulerte. Ein flaumtunnel som leiar vatnet direkte til havet, vil ha stor flaumreduserande effekt, meiner Bruland.

Ein studie ved NTNU for Stryn viser at ein her kan halvere flaumane gjennom tunnelar som fangar inn flaumvatnet og leier det til fjorden.

– Gjer ein dette på rette måten, så kan ein faktisk finansiere ein flaumtunnel med produksjon av straum, seier Bruland.

Han meiner det er mange stader rundt om i Noreg der ein flaumtunnel kan vere eit bra alternativ for å hindre skader etter flaum.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark