Vasstanden er framleis under flaumnivå, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I Sør-Noreg har snøen smelta opp til rundt 400 meter over havet.
– Den næraste perioden no ser ut til å bli kjølig, med søkkande vasstand i låglandelvane i Sør-Noreg. Ei gradvis nedsmelting av snøen er gunstig fordi det reduserer risikoen for ein skadeflaum, seier flaumvarslar Per Glad i NVE.
Somme stader i Sør-Noreg ligg det meir snø enn normalt, særleg i delar av Drammensvassdraget og Numedalslågen. Men det er vêret som avgjer korleis vårflaumen utviklar seg.
– Får vi temperaturar som gjer at snøsmeltinga blir strekt ut i tid, kan vi få ein beskjeden vårflaum, sjølv med store snømengder i fjellet. Får vi ein kombinasjon med mykje regn og høge temperaturar på kort tid, kan vi godt oppleve flaumar på gult, oransje og raudt nivå sjølv om det er lite snø, seier Glad.
Han oppmodar folk til å gjennomføre flaumførebyggjande tiltak dei neste vekene.
– Rydd stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø, is, jord og grus, kvist og lauv. Flytt rundballar og campingvogner vekk frå elvebredda, seier han.
(NPK)