Hopp til innhold

Ny forsking set stillehavsøstersen i eit positivt ljos

Stillehavsøstersen kan bli ein verdifull norsk ressurs. I tillegg viser det seg at den kan vere bra for mangfaldet i havet.

Stillehavsøsters samla opp i Sandvika i Bamble

Stillehavsøsters samla opp i Sandvika i Bamble.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Den nye, skarpe skapningen langs norskekysten er hata av mange. Den har lenge blitt sett på som eit stort problem.

Ny forsking viser at østersen med det skarpe skalet kanskje ikkje er så farleg for norsk natur.

– I norske kystområde har vi så langt ikkje funne negative effektar ved stillehavsøstersen, anna enn at folk kuttar seg på føtene når dei badar.

Det seier forskar Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet.

Les også Plukket to tonn stillehavsøsters på to strender

Haug med stillehavsøsters

Positive effektar

Handlingsplanen for stillehavsøsters frå 2016 peikar på at den invaderande arten kan øydelegge for andre artar.

Dette skal forskarane følgje nøye med på. Men stillehavsøstersen kan også ha positive effektar på miljøet. Den lever ofte i tette koloniar, som dannar rev.

På botn av havet der det er lite stein, kan massen til østersen kome til nytte.

– Førekomsten av stillehavsøsters kan dermed gje både føde- og skjulestader for fiskeyngel, småfisk og mange små dyr på havbotn, seier forskaren.

Stein Mortensen - våtdrakt i vann

Stein Mortensen forskar på stillehavsøsters.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Samstundes kan det ligge store verdiar i østersen.

Vil endre regler

Niels Aall-Lyche er dagleg leiar i Norwegian Shores på Nøtterøy. Han vil sørge for at fleire opnar auga for østersen.

– Østers er på lik line med blåskjel ein fantastisk ressurs som kan lagast på mange måtar, seier han.

Før dei kan bli teke i bruk, må dei reinsast for virus og bakteriar i vatn som går gjennom eit UV-filter.

Særleg noroviruset kan skape problem for menneske.

– Vi vil læra meir om arten, og korleis vi raskare kan reinse det for virus.

Niels Aall-Lycke med stillehavsøsters

Niels Aall-Lyche vil utnytte stillehavsøstersens potensial.

Foto: Aina Indreiten / NRK

Kulinarisk oppleving

Stillehavsøstersen er ei delikatesse i Europa. Frankrike driver oppdrett og produserer 19.000 tonn i året. Dei sel det til hotell og restaurantar i heile verda.

Noreg produserer i dag 15–20 tonn.

Når østersen blir verdifull, vil det også bli større vilje til å fjerne han frå strendene, trur forskarane.

Havforskingsinstituttet etterlyser no regelendringar som kan gjere det lettare å starta med kommersiell utnytting av østersen.

Les også Avføring oppdaget i stillehavsøsters: – Lukter råttent egg

Stillehavsøsters infisert av børstemark

I ein ny rapport har Mortensen, og fleire andre forskarar i Skandinavia, sett nærmare på kva som må til for at den skal bli ei haustbar ressurs som ein kan selje.

Dei ønsker derfor ein forvaltningsmodell og klare føringar frå styresmaktene om kva som skal til for at folk kan driva med østers kommersielt.

Hindringar

Blant problemstillingane er reglar rundt kven som eig ressursane, metodar for hausting, løyve til å flytta og oppbevaring av østersen.

I ein e-post til NRK skriv Klima- og miljødepartementet at dei vil sjå nærare på juridiske hindringar i strandsona som private område.

– Det må gjerast ei rekke vurderingar før ei eventuell ordning for kommersiell hausting av stillehavsøsters kan sendast på alminneleg høyring, skriv dei.

Departementet opplyser også at det førebels er for tidleg å seie når eit eventuelt nytt regelverk for slik hausting kan vere på plass.