Hopp til innhold

Knuste blytung rekord: – Ein må berre gå på

Mange trudde Nils Jakob Hoffs «tyngdekraft-rekord» frå fjorårssesongen av Mesternes mester skulle bli ståande lenge. Råsterke Olaf Tufte ville det annleis.

I program åtte var det duka for den såkalla helvetesveka, med tøffe øvingar på menyen.

For Olaf Tuftes del skulle konkurransen om å bere sandsekkar bli ei av øvingane han kjem til å hugse ekstra godt.

Namnet «Tyngdekraft» er ikkje tilfeldig valt.

Nekta å gi seg

Utfordringa består i å bere stadig fleire sandsekkar fram og tilbake mellom to stativ. Etter ti rundar ber herrane på 120 kilo og kvinnene 90 kilo.

For to år sidan var det noverande programleiar Aksel Lund Svindal som sette ny rekord, med 71 rundar.

Då Nils Jakob Hoff imponerte med heile 82 rundar i fjor, var det mange som trudde at taket var nådd.

Den gong ei.

Olaf Tufte

Olaf Tufte sikra ny rekord.

Foto: Heidi Marie Gøperød / Nordisk Banijay/NRK

Den tidlegare konkurranseroaren Tufte ville nemleg ut på langtur. Kraftkaren frå Nykirke gav seg ikkje før han hadde lagt bak seg ufattelege 101 rundar.

Sjølv hugsar han at han ikkje våga å gje seg.

– Det er jo ei av dei øvingane ein ikkje veit kva dei andre held på med. Når ein er omgitt av så sterke folk, så må ein berre gå på, og håpe dei andre ikkje har gått like langt, fortel Tufte.

Skulle gjerne gjort det om igjen

Men sjølv om han sette ny rekord med sandsekkar, og vann to av tre øvingar i episoden, skulle han gjerne fått moglegheita på nytt.

Han var nemleg ikkje heilt i form under dei aktuelle øvingane.

– Eg var ikkje hundre prosent frisk. Eg skulle gjerne ha prestert betre på nokre av øvingane, men eg hadde ikkje så mykje meir å komme med der og då. Det viktigaste er jo uansett å komme seg gjennom og bli med vidare, seier Tufte.

Sjølv kom han altså best ut i både «Tyngdekraft» og «Muren», men i øvinga «På vippen» måtte han sjå seg slått av Kristin Holte.

Han lét seg imponere av alle deltakarane, men innrømmer at crossfit-utøvaren fekk ei litt ekstra høg stjerne.

– Kristin er ei heilt sinnssjuk dame. Vi fekk ein god kjemi tidleg i innspelinga, og tenkjer mykje likt, seier Tufte.

Kristin Holte

Kristin Holte stakk av med sigeren i øvinga «På vippen».

Foto: Nordisk Banijay/NRK Heidi Marie Gøperød / Heidi Marie Gøperød

Slapp nattest

I denne episoden var det tre av seks øvingar i helvetesveka som vart gjennomført.

Andreas Lødrup (kickboksing), Kristin Holte (crossfit), Ola Vigen Hattestad (langrenn) og tidlegare nemnde Olaf Tufte (roing) fekk vere med frå byrjing til slutt.

Kven av dei fire utøvarane som er att som skal ut, blir dermed ikkje avslørt før i episoden neste veke.

Tufte synest helvetesveka var ein av dei beste periodane i Mesternes mester, om ein ser isolert på konkurransane.

– Det var den beste veka. Då var det litt trøkk, og det likar vi.

Andreas Lødrup

Andreas Lødrup

  • 37 år
  • Kickbokser
  • Landslagsutøver i perioden 2007-2013
  • Europa- og verdensmester i fullkontakt kickboksing som amatør og vunnet det profesjonelle VM-beltet (WAKO PRO) to ganger.
Ezinne Okaraebo

Ezinne Okparaebo

  • 34 år
  • Friidrettsutøver, sprint
  • Sølv i EM innendørs 2009 og bronse i EM innendørs 2011 på 60-meter
  • Hun holder norgesrekorden på 100 meter.
Frode Johnsen

Frode Johnsen

  • 48 år
  • Fotballspiller
  • Tidenes eldste norske landslagsspiller, tidenes eldste toppscorer i Eliteserien og Europa og tidenes eldste målscorer i en europeisk klubbturnering
  • Har scoret 86 mål for Odd og er klubbens mestscorende spiller gjennom historien
Hanne Staff

Hanne Staff

  • 50 år
  • Orienteringsløper
  • Ble verdensmester fire ganger før hun la opp etter VM i 2004
  • Med sine 26 individuelle NM-gull er hun den mestvinnende gjennom alle tider i norgesmesterskapet i orientering
Helene Spilling

Helene Spilling

  • 24 år
  • Sportsdanser
  • Har 23 NM-medaljer, hvorav 17 av dem er gull
  • Regjerende norgesmester og har vært norgesmester åtte år på rad i standarddans. Har representert Norge i både EM og VM
Kristin Holte

Kristin Holte

  • 36 år
  • Crossfit-utøver
  • NM-gull i innendørs stavsprang fra 2009 og vant NM i vektløfting i 2015 i 58 kg klassen
  • Vant NM i functional fitness i 2021, hvor hun også mottok kongepokal. Samme år vant hun også VM i samme gren
Linn Jørum Sulland

Linn Jørum Sulland

  • 38 år
  • Håndballspiller
  • Vant EHF Champions League med Larvik HK 2010/11 og seriemester seks ganger
  • Sulland ble norsk toppscorer med 51 mål i VM 2011, bare slått av Brasils Alexandra Nascimento sammenlagt.
Stig André Berge

Stig-André Berge

  • 39 år
  • Bryter
  • Har en OL-medalje i bronse (2016) i Gresk-romersk stil 59 kg, en VM-medalje i sølv (2014) i 60 kg og tre EM-medaljer bronse (2017) 60 kg, sølv (2018) 63 kg og sølv (2019) 63 kg
Olaf Tufte

Olaf Tufte

  • 46 år
  • Roer
  • Har vunnet fire olympiske medaljer: to gull, en sølv og en bronse
  • Den første nordmannen som har deltatt i sju OL og har verdensrekorden i 100 000 meter roing sammen med Nito Simonsen
Ola Vigen Hattestad

Ola Vigen Hattestad

  • 40 år
  • Langrennsløper
  • Tidenes mestvinnende langrennssprinter på herresiden
  • Ett OL-gull (2014), 2 gull (2009) og 1 sølv (2011) og 1 bronse (2015) i VM og 3 gull (2007, 2008, 2014) og 1 sølv (2010) i NM.