Hopp til innhold

Ny undersøking om helsa til ungdommar – jenter stressar meir enn gutar

Halvparten av tiandeklassejentene i Vestfold svarer i ei fersk undersøking at dei opplever mykje press i kvardagen.

Illustrasjonsfoto av jente med skolearbeid.

SKULEPRESS: Dei fleste unge i Vestfold meiner at dei har eit bra liv, viser den nye Ungdata-undersøkinga. Samtidig stressar dei mykje over skule, idrett og utsjånad.

Foto: Berit Roald / NTB

SKULEPRESS: Dei fleste unge i Vestfold meiner at dei har eit bra liv, viser den nye Ungdata-undersøkinga. Samtidig stressar dei mykje over skule, idrett og utsjånad.

Foto: Berit Roald / NTB

– Store oppgåver i alle fag, eksamenar og tentamenar, både munnlege og skriftlege. Det er mykje på ein gong.

Thea Bringaker (15) går saman med to venninner i Tønsberg sentrum. Dei er akkurat ferdige på skulen og har kjøpt seg noko å ete.

– Eg kjenner på press frå lærarar og familie på at eg må prestere, så eg kan kome inn på ein bra vidaregåande skule.

Tiendeklassejenter fra Revetal Ungdomsskole.

Venninnene går på Revetal ungdomsskule i Tønsberg. Dei kom begge opp i norskeksamen denne våren.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Jentene går i tiandeklasse og opplever at fleire på trinnet kjenner på det same presset. Dei snakkar ofte saman om det.

– Det er fint, for då kjenner ein seg litt mindre aleine om det, seier Bringaker.

Sjølv om jentene av og til kjenner seg aleine om å oppleve stress og press, er dei langt frå dei einaste.

To av tre ungdommar i Vestfold opplever ein del, mykje eller svært mykje press, viser Ungdata-undersøkinga i år.

Skule-, idretts- og kroppspress

Størst press er det på å gjere det bra på skulen.

I tillegg kjenner ungdommane seg pressa til å gjere det bra i idrett, og ein stor del stressar også med å ha eit pent ytre.

– Ja, det er kroppspress. Som jente skal du ha langt hår og du skal sminke deg. Gutane skal vere muskuløse, seier Bringaker.

Det er jentene som kjenner på mest press, ifølge undersøkinga.

Tiandeklassejentene i Vestfold skårar høgast.

Halvparten av jentene opplever press på minst to område, samanlikna med éin av fem gutar på same trinn.

Les også De som er mest aktive på sosiale medier, er også mest med venner på fritida

NTNU-studenter på sosiale medier.

– Viktig å snakke fram seg sjølv

Liv Marit Hansen, direktør for opplæring og tannhelse i Vestfold fylkeskommune, meiner at årsakene til presset er samansette.

– Presset kjem frå fleire hald og det blir nok opplevd ulikt frå person til person.

Liv Marit Hansen

Liv Marit Hansen, direktør for opplæring og tannhelse i Vestfold fylkeskommune.

Foto: Privat

Hansen trur at det i fleire tilfelle handlar om kven ungdommen samanliknar seg med og kva ambisjonar ein har for seg sjølv.

– Det er viktig at dei unge klarer å snakke fram seg sjølv og at dei fokuserer på kva dei er fornøgde med ved seg sjølv.

Undersøkinga peiker på utviklingstrendane i samfunnet generelt, ifølge direktøren.

– Det er skummelt å måtte gjere dei rundt deg stolt heile tida. Når det er så mange forventingar, kjenner eg at eg ikkje blir sett for kva eg faktisk er god på.

Thea Bringaker (15)

Tiandeklassing, Revetal ungdomsskole

Thea Bringaker

Flest er fornøgd, men mobbing aukar

Likevel viser også undersøkinga at dei fleste ungdommane er fornøgd med livet og har venner å vere saman med på fritida.

– Samanlikna med tidlegare undersøkingar, har det i år vore ein nedgang i einsemd og i psykiske plager, og dei unge kjenner mindre press frå sosiale medium, seier Hansen.

NRK forklarer

Korleis er det å vekse opp i Vestfold?

Korleis er det å vekse opp i Vestfold?

Dette svarer ungdommane:

  • 9 av 10 meiner «livet mitt er bra»
  • 6 av 10 er fornøgd med helsa si
  • 9 av 10 har vennar å vere saman med på fritida
  • 8 av 10 trivst på skulen
  • 1 av 4 har vore mykje plaga av einsemd den siste veka
  • 1 av 10 har blitt mobba dei siste 14 dagar

– På den negative sida ser vi at det har blitt meir mobbing, færre trivst på skulen og det er fleire som bruker rusmiddel, forklarer Hansen.

Det er spesielt elevane på 8. og 9. trinn som opplever å bli utsette for plager, truslar og å bli frosne ut.

– Ei urovekkande utvikling.

Nå skal rektorar og andre tilsette på skulane i Vestfold bruke resultata frå undersøkinga på å vidareutvikle og sette i gang tiltak.

Les også Ny undersøkelse om barns skjermbruk: – Kan tyde på at foreldre vet mindre enn de selv tror

Mobilbruk blant barn - Ung data undersøkelse

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog