Hopp til innhold

Norsk teknologi avslører matsvinn i Europa: – Enormt kuttpotensial

Det blir kasta for mykje mat. I Larvik sit Nora Sørsdahl (29) med det ho meiner er ein del av løysinga på eit globalt problem.

Jarle Sheikh Piil, matsvinn ved Scheen Matservice i Skien kommune

KUTTAR MATSVINN: Scheen Matservice bruker teknologi frå larviksfirmaet Reen AS for å handtere matsvinn. Her kastar Jarle Sheikh Piil matavfall som først er registrert digitalt.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Sørsdahl er toppsjef i selskapet Reen AS, som i løpet av få år har slått seg opp både i Noreg og utlandet.

– I Noreg har fleire kommunar, sjukehus, hotell og kjøpesenter valt å nytte seg av teknologien vår i arbeidet med å redusere matsvinn, seier Nora Sørsdahl.

Nora Sørsdahl, Reen AS, ny teknologi reduserer matsvinn

Nora Sørsdahl er dagleg leiar i Reen AS og er kåra til ein av Noregs fremste tech-kvinner.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Oslokvinna er no busett i Larvik, der Reen har hovudkontoret sitt.

Selskapet er også etablert i Sverige, Finland, Storbritannia, Nederland og Belgia.

Bransjeavtale

I Noreg har regjeringa innført ein bransjeavtale om reduksjon av matsvinn.

Denne skal sikre at matsvinnet her i landet blir kutta med 50 prosent innan 2030.

– Kort fortalt går bransjeavtalen ut på at norske bedrifter forpliktar seg til å redusere matsvinnet i alle ledd i matkjeda. Både i Noreg og globalt er kuttpotensialet enormt, forklarer Sørsdahl.

Scheen Matservice i Skien kommune er éin av aktørane som har teke i bruk Reens teknologi.

På storkjøkkenet er Jarle Sheikh Piil i full sving med å bere ut avfall frå dagens produksjon.

Her blir avfallet vege på ei vekt og blir registrert digitalt før det blir kasta.

– Data på skjermen gir oss informasjon om kva avfallet veg, kor mykje det kostar i kroner og øre og kor mykje CO2-utslepp det fører til, forklarer einingsleiar Tore Baksaas ved Scheen Matservice.

417.000 tonn i søpla

Ifølgje Reen-sjefen blir det kvart år kasta rundt 417.000 tonn mat i Noreg.

Baksaas erkjenner at dei har eit stort potensial til å kutte meir i Skien.

– Etter at vi tok i bruk denne teknologien for rundt eitt år sidan, ser vi heilt klart at det blir kasta for mykje mat på hovudkjøkkenet vårt.

Enhetsleder Tore Baksaas ved Scheen Matservice

Einingsleiar Tore Baksaas ved Scheen Matservice.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Scheen Matservice produserer rundt 9000 porsjonar med mat kvar veke.

Maten blir køyrd ut til sjukeheimar og heimebuande mottakarar av helse- og velferdstenestene i kommunen.

– Det er sjølvsagt dei tilsette som fysisk må sørgje for at det blir kasta mindre mat under sjølve produksjonen. Teknologien vi nyttar oss av er eit veldig godt verktøy for å få ei detaljert og løpande oversikt over kvar det bør kuttast, seier Baksaas.

Sørsdahl understrekar at teknologien åleine ikkje vil redusere matsvinnet.

– Løysinga vår gir svar på kvar i produksjonskjeda ein bør ta heilt konkrete grep for å kutte mengda matavfall.

Les også Husholdningene er de aller største matsynderne

Matavfall

Stort kuttpotensial

Baksaas meiner nettopp dette poenget vil gå føre seg i praksis ute på dei ulike institusjonane i Skien kommune.

– Så langt har vi berre testa ut denne teknologien på hovudkjøkkenet, men no skal det også takast i bruk på to sjukeheimar. Der er kuttpotensialet endå større.

Scheen Matservice

Scheen Matservice produserer rundt 9000 porsjonar med mat kvar veke

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ettersom teknologien enno ikkje er installert, har ikkje Baksaas konkrete tal på kor mykje mat som går i søpla.

– Det eg kan seie er at det er altfor mykje. Allereie før vi byrjar å kartleggje matsvinnet systematisk, kan eg seie at vi har ein ambisjon om å kutte det med 30 prosent på relativt kort sikt.

Kåra til leiarstjerne

For nokre månader sidan vart Nora Sørsdahl kåra til ei av leiarstjernene av Dagens Næringsliv i år.

ODA-nettverk og Abelia har proklamert ho som ein av Noregs 50 fremste tech-kvinner.

– Det er klart det er hyggjeleg, men det er viktig for meg å seie at vi er fleire om dette, påpeikar Sørsdahl, og viser til at Reen har Norsk Gjenvinning som hovudeigaren sin.

Også Abax AS sit med ein stor aksjepost i selskapet.