Hopp til innhold

Ønsker framleis å satse på vindkraft i Porsgrunn

Norsk Vind har spelt inn vindkraftprosjektet på Lanner til kommuneplanen sin arealdel.

Planer om vindkraftpark i Porsgrunn.

SPELER INN VINDKRAFT: Området der Norsk Vind ønsker kraftproduksjon ligg eit steinkast frå E18.

Illustrasjon: Norsk vind

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Innspelet blei sendt til kommunen i førre veke, og gjeld kommuneplanen sin arealdel frå 2024 til 2036.

Ordførar Janicke Andreassen (Ap) seier ho ser fram til at politikarane skal behandle planen til hausten eller vinteren.

– Eg tenker det er bra at alle som er interesserte i å påverke arealdelen sender inn innspel.

Jannicke Andreassen

Ordførar Jannicke Andreassen (Ap) seier Porsgrunn kommune har fått rundt 90 innspel.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Har inngått nei-avtale

Vindkraftprosjektet ved E18 på Lanner skapte mykje bråk før kommunevalet i fjor.

Etter valet inngjekk Arbeidarpartiet ein avtale med Industri- og næringspartiet om å ikkje greie ut vindkraftprosjekt i kommunen dei neste fire åra.

Varaordførar Stine Margrethe Knutsdatter Stamland (Frp) seier klart nei.

– Det ligg ein avtale føre for dei fire neste åra der det ikkje er rom for å bygge vindkraft på land i Porsgrunn.

Stine Stamland . porsgrunn frp

Stine Margrethe Knutsdatter Stamland (Frp) ønsker ikkje vindkraftproduksjon på Lanner.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Også ordføraren viser til avtalen, men seier at alle kan komme med innspel til kommuneplanen sin arealdel før han skal behandlast av politikarane.

Les også Vil bygge «konfliktdempande» vindmøller i Noreg

Planer om vindkraftpark i Porsgrunn.

Peikar på kraftbehovet

Norsk Vind grunngir søknaden med behovet for meir produksjon av kraft, spesielt i industriområdet Grenland.

Selskapet meiner kommunane må bidra til dei framtidige målsettingane for regionen.

Prosjektleiar i Norsk Vind, Espen Borgir Christophersen, seier dei i første omgang meiner det er gode grunnar til å sette av areala i Porsgrunn til vindkraftproduksjon.

Espen Borgir Christophersen i Norsk Vind

Prosjektleiar i Norsk Vind, Espen Borgir Christophersen, meiner ei konsekvensutgreiing vil gi kommunen best grunnlag for å ta stilling til planane om vindkraftanlegg på Lanner.

– Det er ikkje sikkert det blir noko av, sjølv om vi har spelt inn dette nå.

Må svare

Arbeidarpartiet har tidlegare blitt spurd om kva dei gjer dersom planane om vindkraft må realitetsbehandlast. Da har ordføraren svart at det vil dei komme tilbake til, dersom saka blir aktuell.

Varaordførar Stine Margrethe Knutsdatter Stamland meiner behovet for kraft må dekkast på andre måtar.

– Eg er av oppfatninga at vi har ein avtale på at det ikkje skal opnast for vindkraft.

Ho meiner at vindturbinar på Lanner vil få negative konsekvensar for fuglar og insekt.

– Det er uansett ikkje eigna, på grunn av dei ustabile vindforholda.

Les også INP sikret Høyre makta – stoppet samtidig alle planer om vindkraft

Tommy Ballestad

Meiner prosjektet er lønnsamt

Norsk Vind meiner området på Lanner er eitt av få i Porsgrunn som er eigna til vindkraftproduksjon.

Dei meiner også at vindforholda er gode nok til at prosjektet vil vere lønnsamt.

Konsekvensane for miljøet vil vere avgrensa, fordi mykje av området allereie er nedbygd som deponi, ifølge Norsk Vind.

Christophersen understrekar at dei framleis treng meir kunnskap.

– Det vil etter kvart vise seg kor store konsekvensar det vil ha for fuglelivet i og rundt deponiet og skytebanen. Vi vil utføre vindmålingar på eit seinare tidspunkt, for å få eksakt kunnskap om forholda.

Les også Industritopp ber folk stemme for vindkraft, men er skeptisk til prosjekt i egen kommune

Sverre Gotaas

Norsk Vind reknar det med at det må byggast minst to turbinar for at prosjektet skal vere lønnsamt.

Kvar turbin vil produsere 7 MW, som svarer til straumforbruket til 1200 husstandar, ifølge selskapet.

Det kan maksimalt byggast åtte turbinar på området.