Det er ikkje berre menneske som kan få problem med å regulere insulin.
Hestar kan få sjukdommar som liknar på diabetes. Det blir kalla EMS.
I sommar har fleire hesteeigarar enn tidlegare kontakta Agria dyreforsikring om dette.
Agria dyreforsikring opplever stor auke i førespurnader som gjeld diabetes hos hest, fortel Camilla Stenseng, administrerande direktør i Agria Dyreforsikring.
Foto: AgriaAv konkurranseomsyn ønskjer dei ikkje å gi ut eksakte tal.
Likevel stadfestar dei at frå mai til juli i år har betydeleg fleire hesteeigarar meldt om følgjesjukdommar som blir kopla til diabetes, samanlikna med same periode i fjor.
Håp i ei tøff tid
For islandshesten Oda har sjukdommen EMS fått alvorlege konsekvensar.
Diagnosen svarer til diabetes 2.
– Ho kan aldri på gå gras igjen. Eg spør meg sjølv om det er eit verdig hesteliv, seier eigar, Jeanette Trzcinska Auen.
Sjukdommen har gjort til at Oda får vondt i hovane, blir øm i kroppen og ikkje kan ete gulrøter. For eig Jeanette Trzcinska Auen har det vore eit vanskeleg val om hesten skal få leve eller ikkje.
Foto: Veslemøy Prøis / NRKValet om å avlive eller halde Oda i live har hengt over skuldrene til Jeanette i lang tid.
Men i januar fekk dei eit tilbod som gir håp.
Dei fekk høvet til å delta i ein studie der det blir testa menneskemedisinar på hest.
Prøver menneskemedisin på hest
Det er første gong det blir gjort ein så omfattande studie som dette.
Universitetet i Ås (NMBU) samarbeid med Sveriges Landbruksuniversitet (SLU) om forskingsprosjektet.
For få år sidan visste få kva desse sjukdommane var, fortel Siv Hanche-Olsen, førsteamanuensis på Veterinærhøgskolen Dyresykehuset – Hest.
Diabetes-sjukdom på hestar kan få katastrofale følgjer, som betennelse i hoven, som er ekstremt smertefullt, påpeikar ho.
Hanche-Olsen forklarer at akkurat som med menneske, får hestar berre i seg sukker via mat. Grovfôret bør derfor ha lågt sukkerinnhald.
Foto: Veslemøy Prøis / NRKDerfor vil dette vere ei livreddande behandling for mange hestar, fortel ho.
– Det er ikkje noko tvil om at det har forandra livet til fleire av dei hestane som har vore med. Fleire av dei har vore på veg til å bli avliva, så dette har vore litt siste sjanse, seier ho.
Gode resultat: Den blå linja viser insulin-nivået før behandling, og den raude linja viser insulin-nivået på behandling
Foto: Veslemøy Prøis / NRKOvereting er årsaka til at hestane får sjukdommen, fortel Hanche-Olsen.
Auken som har vore i sommar, handlar stort sett om meir merksemd rundt sjukdommen, meiner ho.
Forsøka er no ferdige, men det står enno att mange analysar av data før forskarane kan konkludere på rett bruk til rett pasient.
Markant endring
Islandshesten Oda er ein av 40 hestar som har delteke i studien.
Jeanette merkar at medisinane har hjelpt.
– Eg har sett ei markant endring. Det ser ein både på henne og på blodprøver, så det er veldig spennande.
Forskningsprosjektet der Oda og andre hestar med diabetes testar menneskemedisin gir håp om eit betre liv, og Jeanette ser effekt allereie.
Foto: Veslemøy / PrøisHesteeigaren trur medisinane vil opne nye dører.
– Det kan vere eit veldig godt hjelpemiddel. Samtidig skal ein ha menneskelege forventningar.