Hopp til innhold

Mange blei lurt av KI-genererte bilete: – Det er kjempeskummelt!

NRK har testa om folk kan skilje KI-genererte bilete frå ekte fotografi. Klarar du å sjå kva som er ekte?

Falske bilder - Porsgrunn

TOK TESTEN: Angelica Salomone blei skremt over kvaliteten på bileta som er laga av kunstig intelligens.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

TOK TESTEN: Angelica Salomone blei skremt over kvaliteten på bileta som er laga av kunstig intelligens.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Det myldrar av studentar i gangane ved universitetet i Porsgrunn. Mange puggar til dei siste eksamenane før jul.

I dag skal studentane også få bryne seg på ei anna oppgåve. Eit eksperiment som NRK har med seg til campus.

NRK viser fram fire bilete til studentane.

Eitt av bileta er eit ekte fotografi. Dei tre andre er genererte med kunstig intelligens.

Klarar studentane for eksempel å sjå kva for eitt av desse bileta som er ein ekte hund?

Hund 1

Sveip til høgre for å dei fire bileta av hund.

Hund 2

Er denne ekte?

Hund 3

Eller kanskje denne?

Hund 4

Fasit finn du nederst i saka!

NRK testar ti ulike menneske som prøvar å gjette på fire ulike motiv. Dei blir presentert bilete av hundar, strender, monument og kvinner.

Du finn den same testen lenger ned i artikkelen. Er du utolmodig kan du trykke her.

Rundt eit bord i kantina sit Angelica Salomone. Ho klarar berre å gjette ein riktig når ho prøvar seg på NRK sin test.

– Det er kjempeskummelt, seier Salomone.

– Kvifor det?

– Fordi ein veit jo ikkje kva ein skal tru på lenger.

I eksperimentet til NRK er berre 17,5 prosent av svara riktige.

– Eit vasskilje

At folk tippar feil møter stor forståing hos medieforskar Arild Fetveit ved Høyskolen Kristiania.

Datagenererte bilete kan no vere så like fotografi at det representerer eit vasskilje, seier Fetveit.

Fetveit seier bileta som NRK presenter til folk er tilnærma umoglege å skilje. Han poengterer at kriterium ein tidlegare kunne bruke, til å sjå forskjell på KI og fotografi, gradvis har blitt utdaterte.

Tidlegare trengde ein også høg kompetanse for å lage falske bilete av god kvalitet. I for eksempel Adobe Photoshop.

Med kunstig intelligens treng ein berre å skrive kva ein ønsker seg bilete av.

– Dagens teknologi er meir tilgjengeleg, raskare og enklare å bruke, seier Fetveit.

Positiv til teknologien

NRK viser fram bileta til ein gutegjeng ved Universitetet i Søraust-Noreg som studerer teknologifag. Dei klarar også berre å treffe riktig på eitt av alternativa.

Jardar Fagerlund blir derimot ikkje så skremt av eksperimentet.

– Ser ikkje noko problem med dette. Så lenge det ikkje går ut over folk så er det greitt, seier teknologistudenten.

– Men det er jo lett å lure folk no da?

– Ja, men ein har jo kunna lure folk i mange år allereie på ulike måtar. Kunstig intelligens er først og fremst eit verktøy, seier Fagerlund.

Jardar Fagerlund

Jardar Fagerlund var ein av studentane som deltok i eksperimentet til NRK.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Arild Fetveit ved Høgskulen i Kristiania seier KI-genererte bilete betyr nye utfordringar for folk flest når dei skal navigere i medielandskapet. Forskaren meiner at datagenererte bilete, som ikkje kan skiljast frå fotografi, kan svekke tilliten til fotografiet.

Det me opplever er at me i mindre grad kan stole på teknologien i seg sjølv. Dermed må me i større grad stole på dei som brukar den. Så da blir tilliten sterkare forankra i institusjonane som bruker materialet og legg det fram, seier forskaren.

Situasjonen vil også stille større krav til mediehus og innhaldsskaparar. I denne artikkelen kjem Faktisk.no med tips til korleis du kan avsløre falske bilete. Her er eit kort samandrag:

Ta testen!

Sit du å tenker at folk har vore dårlege til å finne det ekte bilete blant dei falske? Få sjå om du er noko betre da!

I videoane under blir du presentert for fire bilete. Berre eitt av dei er eit ekte fotografi.

1/5 Kjende landemerke i verda

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Du kjenner kanskje igjen dei kjende landemerka, men kva for eitt av dei er ekte?

2/5 Strender og sjø

Spel av video for å sjå alle alternativa

Spel av video for å sjå alle alternativa

Berre ein av desse strendene eksisterer i den verkelege verda. Ser du kva strand?

3/5 Fire kvinner

Spel av video for å sjå alternativa.

Spel av video for å sjå alternativa.

Her ser du bilete av fire kvinner. Kven av dei er ekte?

4/5 New York

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Byen New York i USA er det mange som kjenner. Kva for eit av desse utsiktsbileta er eit ekte fotografi.

5/5 Juletre

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Spel av videoen for å sjå dei ulike alternativa.

Snart ringer jula inn. Ser du kva tre som kunne blitt plassert i stua på ekte?

Fasit

Så var det hundane da. Kva for ein av dei er ekte tru?

Kva for ein av hundane er ekte? (FASIT)

Riktig svar er hunden som er markert med ein grøn ring. Klapp på skuldra viss du såg det!

Denne saka er du openbert interessert i sidan du les den heilt ned. Tips meg gjerne om andre vinklar eg bør sjå på knytt til denne saka. Send meg også gjerne ein e-post viss du har tips til saker eg bør sjå på. 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog