Hopp til innhold

Karine får ikkje ha skogen sin i fred – blir ringd ned av solcelleselskap

Utbyggarar kjempar for å finne stader som kan bli solcelleparkar. NVE har så mange søknader i kø at dei må tilsette fleire for å ta unna mengda.

Karine Huseby blant grantrær i vinterskogen

VIL BEVARE SKOGEN: Karine Huseby vil ikkje leige bort skogen sin til utbyggarar av solcelleparkar

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Bonde Karine Huseby viser veg innover stien gjennom Husebyskogen, et populært friluftsområde for mange i nabolaget.

Ei god blanding av naturleg og planta skog.

Ho stryk over stikkande greiner.

Men nå er det ho som har piggane ute.

– Det siste året har eg blitt kontakta igjen og igjen med spørsmål om å bruke skogen vår til å bygge solcellepark.

Svaret er blankt nei.

Kø av saker

I 2022 kom det første løyvet til å bygge ein solcellepark i Noreg. Stortinget vedtok eit mål om at solkraft skal produsere 8 terawatt straum innan 2030.

Dermed fekk mange utbyggarar fart på seg.

Det er NVE som godkjenner slike søknader. Jo Arne Marvik behandlar søknadar om ny kraftproduksjon.

– Nå nærmar det seg 50 slike meldingar og søknadar om bakkemontert solkraft, seier Marvik. Dei fleste har komme det siste året.

Jo Arne Marvik

Rådgivar Jo Arne Marvik i NVE

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det har ført til kø og forseinkingar. Derfor skal NVE tilsette fleire som kan vurdere kven som skal få ja og kven som skal få nei.

– Vi må vurdere om samfunnsnytta er større enn ulempene, ein eventuell skade på natur, forklarer Marvik.

Fred. Olsen Renewables er eitt av selskapa i køen. Dei har venta i nesten eitt år på svar frå NVE. På grensa mellom Sandefjord og Tønsberg er ein 560 mål stor solcellepark ønskt av både næringsliv og grunneigarar.

Litt lenger sør i Vestfold seier grunneigar Karine Huseby altså tvert nei til å hogge eit einaste tre.

Kjerringa mot straumen

– Eg vil ikkje moralisere over kollegaer som seier ja til å hogge og leige ut til straumprodusentar, seier Karine Huseby.

Det kan gi god inntekt, innser ho.

Men bonden blir stadig surare på dei som ringer og masar om å få bygge i skogen bestefaren hennar planta ein gong i tida.

Skogen lagrar karbon både i treet og under bakken, forklarer Huseby.

Portrett: Karine Huseby i vinterskogen i grønne klær og rødlig lue

Karine Huseby er ikkje einig at solceller er ei lur løysing for å få meir straum.

Foto: Mette Stensholt Schau / NRK

Ho meiner det blir heilt feil å seie at det blir laga grøn energi, når det betyr at skogen først må ofrast.

– Dei seier at dei berre kan fjerne alt når leigetida er ute, men så enkelt er det jo ikkje. Det er grave, køyrt og lagt ut infrastruktur i området. Dermed er mykje av det naturlege øydelagt, seier ho og snakkar engasjert om symbiosar og sopp og uglene som bur her.

Ho støttar seg på Landbruksdirektoratet som seier til Bondebladet 15. februar i år at solceller i skog kan auke utsleppa av klimagass.

– Kan dei ikkje bygge på taka først, spør ho.

  • – På tide å «trekke i nødbremsa» på vegner av norsk natur, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V). Seks av ti nordmenn meiner det blir bygd ned for mykje natur i Noreg, viser undersøking .

NRK har jobba med denne saka sidan starten av februar, då eit innlegg frå Karine Huseby tok av på Facebook. Østlands-Posten har også jobba med saka, og var først til å publisere.