Hopp til innhold

«Julelyskongen» på Nøtterøy – tusenvis av lys og fleire timar med arbeid

Planlegginga startar allereie i september. No har Gunnar Wold skrudd på lyset på dei 35.000 pærene som omkransar huset.

– Eg gler meg til å sjå det sjølv. Når eg tenner på alt saman, så roper eg ut «wow!», seier Wold.

Inspirasjonen fekk han frå ekskona som var glad i den typisk amerikanske julepyntinga.

Det starta i det små tilbake i 2005, og sidan har det ballet på seg.

Gunnar Wold med julelysene på huset på Nøtterøy
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Lyser opp ei mørk tid

Dei siste seks åra har det sett likt ut som no.

Rundt 40–50 timar bruker han på å dekorera heile huset, og like mykje på å ta det ned.

Han veit ikkje kor mange meter med leidning som er snurra rundt huset. Men det er rundt 35.000 ledpærer som ikkje tek så mykje straum, fortel han.

Trass i høge straumprisar også i år, set ikkje det ein stoppar for å skapa julemagi for dei som køyrer forbi.

– Eg synest det er gøy, og så lyser det opp ei mørk tid, seier Wold.

Gunnar Wold med julehuset på Nøtterøy
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Les også Opp mot 1500 barn ber om gavehjelp til jul: – En trist rekord

Runar Abrahamsen, Omvendt Julenisse Telemark, pakker inn gaver

Turistattraksjon

Huset som ligg på austsida av Nøtterøy i Færder kommune, har vorte ein slags turistattraksjon.

Fleire og fleire køyrer forbi, stoppar opp og tek bilete, fortel Wold.

Han høyrer om mange som køyrer langvegsfrå for å sjå på huset hans.

– Eg håpar folk sit igjen med ei god kjensle og får ei oppvarming til jul, og får litt julestemning. Det hadde vore ålreit.

Julelys på huset til Gunnar Wold på Nøtterøy
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK
Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Og Wold har berre fått positive tilbakemeldingar, ikkje ein einaste negativ.

Han skal heller ikkje gi seg med det første.

– Eg skal halda på så lenge eg orkar, og bur her. Det kjem eg til å gjera til «the bitter end».

Kva synest folk flest om julebelysning?

Hei!

Takk for at du leser.

Sitter du igjen med noen tanker etter du har lest denne saken, eller har du tips til noe annet jeg bør skrive om?