Hopp til innhold

Folkets dom: «Snømannen» er kjempebra

Onsdag var det duka for verdspremiere på «Snømannen» på Rjukan. Og folkets dom over filmen var ikkje like hard som kritikarane sin.

Premiere Snømannen

UTEKINO: Det var ein spesiell kveld på torget i Rjukan, da verdspremieren av «Snømannen» samla over tusen folk utandørs.

Foto: Styrk Fjærtoft / NRK

Onsdag kveld vart «Snømannen» vist på landets største lerret, som vart sett opp i spektakulære omgjevnadar på torget i Rjukan sentrum.

Filmatiseringa av Jo Nesbø sin roman med same namn har ikkje hausta gode kritikkar, men det la ingen dempar på opplevinga til dei frammøtte på verdspremieren.

– Eg synest filmen var kjempebra, det var skikkeleg kult og spennande, seier ei av dei over tusen frammøtte på premieren.

Dei fleste NRK snakka med rulla anten ein firar eller femmar på terningen – dei færraste syntest filmen fortente ein toar, slik fleire kritikarar meinte.

Snømannen

MØRKT: Over hustaka kunne ein sjå ein lysande reklame for filmen.

Foto: Styrk Fjærtoft / NRK

– Ikkje les boka først

Ei anna kvinne som var på premieren seier at ho las boka for andre gong for kort tid sidan, og ho tilrår ikkje å lesa boka før ein skal sjå filmen.

– Eg hadde litt andre bilde i hovudet, så det burde eg kanskje ikkje gjort. Men filmen var kul.

Og dei er fleire blant publikummet på Rjukan som ikkje vil blande boka og filmen.

– Eg vil ikkje samanlikne. Eg har lese ei god bok tidlegare, og nå har eg sett ein god film.

Sjølv om dei fleste synest dei hadde hatt ei svært bra oppleving i kulda på Rjukan torg, vart det nokre som ikkje var heilt tilfredse.

– Eg er misfornøgd. Innhaldet var ikkje bra nok, sa ein skuffa mann på veg heim frå premieren.

Ein fantastisk dag

Birkeland

VIL SETJA RJUKAN PÅ FILMKARTET: Ordførar i Tinn, Bjørn Sverre Birkeland, håpar på fleire filmproduksjonar i Rjukan.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ordførar i Tinn kommune, Bjørn Sverre Birkeland, seier at med «Snømannen» og tv-serien «Kampen om tungtvannet» frå 2015, er Rjukan sett på det internasjonale filmkartet.

– Dette er ein fantastisk dag. Rjukan har blitt ein filmlokasjon. Det har vore lagt ned mykje frivillig arbeid, og det har vore stor entusiasme.

Ordføraren er heller ikkje samd med den lunkne kritikken filmen har fått. Totalt sett synest han det var ein svært god film.

Det var flotte filmbilde og ein god produksjon. Det var spenning og action, men også emosjonelt drama.

Bjørn Sverre Birkeland
Snømannen

ETTER PREMIEREN: Slik såg toget i Rjukan ut etter at folk var gått heim, og oppryddinga tok til.

Foto: Styrk Fjærtoft / NRK

Synest Fassbender spelar bra

Det er den profilerte skodespelaren Michael Fassbender som spelar hovudrolla som Harry Hole. I filmen må han jakte på ein seriemordar, etter at fleire kvinner forsvinn.

«Snømannen» har fått kritikk for å ha svake rollefigurar, men ein av dei frammøtte på Rjukan torg lét seg overtyde av Fassbender si tolking av Harry Hole.

Ein annan mann, som trillar terningkast fem, synest det er nettopp psyken til Harry Hole som mangla for at filmen skulle vore heilt i toppen.

Verdenspremiere på Snømannen

NOREGS STØRSTE LERRET: Slik såg torget på Rjukan ut i dagsljos på føremiddagen før premieren.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK