Hopp til innhold

Marte Wexelsen Goksøyr er «årets ålreite dame»

I dag blei Harry Hole-prisen delt ut på Restaurant Schrøder i Oslo.

goksøyr

PRISVINNAR: Marte Wexelsen Goksøyr er årets ålreite dame. Her på restauranten Schrøder i Oslo.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Harry Hole-stiftelsen utnevnte i dag skodespelaren, samfunnsdebattanten og foredragshaldaren Marte Wexelsen Goksøyr til ei «ålreit dame»

Prisbeløpet som i år er på 1 million kroner går til Unicefs TV-aksjon.

Om prisvinnaren sa utdelar Jo Nesbø dette under utdelinga:

– Ho forsvarer alle menneskes rett til å vere annleis enn andre. Ho er oppteken av alle minoritetar og er modig. Ho tør å snakke om noko ingen politikarar tør å prate om. Ho er ei ålreit dame og eit forbilde.

– Alle treng å bli høyrt og respektert som menneske. Ingen skal føle seg redde, alle skal føle seg trygge, sa Goksøyr då ho tok imot prisen.

Harry Hole-prisen til Unicef

Prisen som blir delt ut kvart år går til ein eller fleire personar, medan prisbeløpet går til eit prosjekt som kan betre barns lese- og skriveferdigheter, spesielt i u-land.

I slutten av oktober hadde Marte Wexelsen Goksøyr premiere på teaterstykket ho sjølv har skreve: «Hva faen er problemet?».

I grunngivinga for prisen står det at Goksøyr i alt sitt virke er engasjert i problemstillingar knytt til menneskeverdet. Med teaterstykket, der ho også er skodespelar saman med Sven Nordin, blir sorteringssamfunnet sett tydeleg på dagsorden.

Goksøyr har vore med å bestemme kven som skal ta imot årets prisbeløp. Det er også ho som deler ut Harry Hole-prisen til årets prisvinnar; Unicefs TV-aksjon.

TV-aksjonen i NRK 2017 går til arbeidet for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt, som er i tråd med stiftelsens formål.

Harry Hole-stiftelsen blei etablert i 2008 ved at Jo Nesbø overførte alle rettar og tilhøyrande inntekter frå sin roman Hodejegerne til stiftelsen. Boka blei gitt ut på Aschehoug og er hittil selt til heile 33 land.

Nesbø fortalde i opplesningen at frå neste år skal prisen aukast til 2 millionar kroner.

Kulturstrøm

  • KORK-dirigent Petr Popelka til Wiener Symphoniker

    KORKs avtroppende sjefdirigent Petr Popelka er utnevnt til ny sjefdirigent i Wiener Symphoniker, et av verdens absolutte topporkestre.

    Popelka har en raskt stigende karriere, men KORK var hans første orkester som sjefdirigent. - Vi er stolte av å ha vært Popelkas første orkester. Denne overgangen er som Glimt-trener Knutsen skulle gått rett til Ajax, sier orkestersjef Rolf Lennart Stensø.

    Popelka avslutter samarbeidet med KORK med turné til Tsjekkia i juni.

    Petr Popelka
    Foto: NRK