I løpet av nokre hektiske vintermånader i fjor blei opptaka til «Snømannen» gjort i blant anna Oslo, Bergen og Rjukan. Men då dei kom til klippebordet, mangla dei framleis mykje av historia, seier regissør Tomas Alfredson til NRK.
– Vi hadde ein altfor kort opptaksperiode i Norge. Vi fekk ikkje med oss heile historia, og då vi kom til klippebordet, oppdaga vi at det var mykje som mangla. Det er som når du legg eit stort puslespel, og så manglar det bitar som gjer at du ikkje ser heile bildet.
- Les:
- Les:
Han anslår at mellom ti og femten prosent av handlinga mangla då dei skulle klippe filmen. Det gjorde arbeidet vanskeleg. Løysinga blei at dei gjorde opptaka som mangla i London.
– Det skjedde veldig brått. Vi fekk plutseleg melding om at no har vi pengane, og kan gjere opptak i London.
Filmtraileren til «Snømannen»:
«Skiter» i faktafeil
Filmen får hard medfart frå norske filmmeldarar. Med nokre få unnatak har dei vore ganske samstemte i at dette er ein dårleg film, der dei fleste kastar terningen til ein toar. Fleire av kritikarane peikar på faktafeil, som at Harry Hole køyrer Atlanterhavsvegen når skal køyre frå Oslo til Rjukan.
– Dette er ikkje ein dokumentarfilm om geografien i Norge. Eg ville lage ein fiktiv spenningsfilm. Så sjølv om ikkje alt stemmer geografisk, så skiter eg i det, seier Alfredson.
- Les:
- Les:
Ifølge Alfredson har folk i produksjonsselskapet fått gode tilbakemeldingar etter amerikanske visingar. Desse omtalane blir truleg publisert først neste veke, når filmen har amerikansk premiere. Men den norske kritikken ønsker ikkje Alfredson å kommentere.
– No har eg laga denne filmen, og eg kan ikkje endre på noko no. Så kjem det filmmeldarar som har sine synspunkt på filmen. Men som regissør kan ikkje eg ha meiningar om desse meiningane. Det blir bakvendt for meg.
«Snømannen» er blant anna spelt inn på restauranten Schrøder, som er stamkafeen til Harry Hole i bokserien til Jo Nesbø.
Foto: Jack English / United International PicturesKan bli filmserie
No er Alfredson spent på korleis filmen blir motteke av publikum. Denne helga er det premiere i store delar av Europa og Midtausten, medan Amerika og Australia følger etter neste helg, før det blir Asia-premiere i november. Dersom mange nok ser filmen, kan det fort kome fleire Hole-filmar.
– Vi har laga ein slutt som skal kunne opne for fleire filmar. Og dersom publikum likar det dei ser, kan det hende det kjem meir. Det er i alle fall nok bøker om Harry Hole å ta frå, seier Alfredson.
«Bakomfilm» om Snømannen laga av Universal: