Hopp til innhold

Fann skadd mann utanfor tunnel i Porsgrunn

Ein mann i 50-åra er funnen skadd utanfor ein tunnel i Porsgrunn i natt. Han er lagt inn på sjukehus med brotskadar, og politiet trur han kan vere påkøyrt.

Mann funnen skadd utanfor ein tunnel i Porsgrunn.

Politiet fekk melding om ein skadd mann i 50-åra som var lagt inn på akuttmottaket ved Sjukehuset Telemark i Skien.

Operasjonsleiar Tor Grindem ved Sørøst politidistrikt fortel at det var ein bilførar som fann mannen skadd klokka 02.50 natt til laurdag utanfor Vabakkentunnelen i Porsgrunn mot Kulltangbrua.

– Vi har prata med mannen, og det er ting som tyder på at han er blitt påkøyrt, seier Grindem.

Mannen i 50-åra har brot i begge armane, men skal ikkje vere livstrugande skadd.

– Politiet vil gjerne ha tips, om eventuelt bilar som kan vere involvert her, seier Grindem.

Politiet fekk melding av AMK

Det var ein bilførar som via AMK melde frå om at det låg ein skada mann ved Vabakktunnelen i Porsgrunn.

Mannen i 50-åra som bur i Skien, har forklart til politiet at han hugsar to frontlykter, og ein bil som ikkje stoppa. Han har forklart at det skjedde på utsida av tunnelen mot Kulltangbrua i Porsgrunn.

– Politiet er interessert i å kome i kontakt med folk som har observasjonar som kan kaste lys over saka, då er alle observasjonar i det aktuelle området frå 02-tida og fram til 03 interessante, seier Grindem.

Vabakkentunnelen var stengt medan politiet sikra spor på staden, men er no open for fri ferdsel igjen.