Frp-er skreiv under på teieplikt – framleis ekskludert

Etter fleire dagar med tøffe ordvekslingar i pressa, håpa den ekskluderte lokallagsleiaren i Bamble Frp å bli tatt inn i partivarmen igjen. Slik blei det ikkje. – Eg er ikkje overraska, seier ho fredag kveld.

Vibeke-Emilie Abrahamsen

VIL INN: Vibeke-Emilie Abrahamsen skreiv i dag under dokumentet.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Vibeke-Emilie Abrahamsen bekrefta fredag ettermiddag at ho har signert det mykje omtala teiepliktdokumentet.

Ho stilte likevel ikkje på nominasjonsmøtet i Bamble, der ho var foreslått på 3.-plass, men blei stroken frå lista då ho blei ekskludert.

Frp-politikaren understrekar at ho ikkje er presset til å skrive under på at ho vil fjerne alle dokument om saka.

Ho seier til VG at ho no reknar med å vere valbar og blir gjenopptatt som medlem i Framstegspartiet, men slik blei det altså ikkje.

På nominasjonsmøtet vart ho framleis stroken frå lista.

– Dette var eg forberedt på. For meg er dette ein endeleg stadfesting på kor stygt eit slikt spel kan vere, seier ho til NRK fredag kveld.

– Har ikkje fått erklæringa

Statssekretær Thorleif Fluer Vikre leda nominasjonsmøtet.

Han fekk e-posten frå Abrahamsen 16.52, og seier at Abrahamsen etter hans meining ikkje er valbar, ettersom organisasjonsutvalet fekk e-posten der ho hevdar å ha signert tausheitserklæringa etter arbeidstid.

Fylkesleiar i Vestfold og Telemark Frp og medlem i organisasjonsutvalet, Frode Hestnes, seier i kveld til NRK at han har mottatt ein e-post frå Abrahamsen, men at det ikkje låg ved ei signert erklæring om å teie vedlagt i denne e-posten.

Fleire av organisasjonsutvalets medlemmer har gått gjennom dokumenta.

Han oppgir vidare at dei har orientert Abrahamsen om at erklæringa ikkje er mottatt.

– Dersom vi hadde fått signal frå Abrahamsen om at ho ville signere ei teieplikt i løpet av dagen, hadde vi gjort så mykje vi kunne for å vere i beredskap for å behandle saka i utvalet. Det fekk vi ikkje, seier han til NRK.

Abrahamsen ønskjer ikkje å seie så mykje meir om saka fredag kveld.

– Det viktigaste for meg er at lokalpolitikken består. Det er ikkje så viktig kva for ein posisjon eg har.

Blei ekskludert etter Njåstad-lekkasje

Onsdag blei det kjent at Abrahamsen, som var leiar i Bamble Frp, blei midlertidig ekskludert frå partiet.

Møte i Bamble FRP

Framstegspartiets nominasjonsmøte i Bamble rådhus.

Foto: Kurt Inge Dale

Ifylgje organisasjonsutvalet i Frp skjedde det fordi ho ikkje ville signere ei erklæring om teieplikt som gjaldt sensitiv informasjon om varslar om seksuell trakassering i partiet.

Denne sensitive informasjonen har ho fått av tidlegare leiar i Frps organisasjonsutval, Helge André Njåstad, som trekte seg frå alle partiverv då lekkasjen hans til Abrahamsen blei kjent.

Abrahamsen seier ho aldri har delt noko av informasjonen vidare.

Begge partar seier dei har prøvd å møtast

Abrahamsen fekk frist til 6. februar klokka 16 med å skrive under og sende dokumentet om teieplikt på e-post til organisasjonsutvalet. Ho svarte då på sms ein time før fristen gjekk ut at ho ynskte at det skulle skje i eit fysisk møte, men personen i organisasjonsutvalet som sms-en blei sendt til seier den aldri kom fram.

Etter dette var det ikkje kontakt mellom partane før 12. februar, men heller ikkje då blei det avtalt noko møte.

Begge partar både Abrahamsen og fleire partitoppar i Frp seier dei har prøvd fleire gonger å få til fysiske møte for å skrive under erklæringa, men at motparten har avlyst kvar gong.

Frykta å bli teia i hel

Abrahamsen sa til NRK i torsdag at ho frykta opplevinga hennar av varslarsakene kom til å bli teia i hel. Derfor ville ho ikkje skrive under på dokumentet utan å gi sin versjon av heile saka.

– Eg vil at det skal ligge ved ei forklaring, slik at dei ikkje kan la vere å ta tak i det, og hive det under teppet, seier ho.

Torsdag kveld gjekk nestleiar Sylvi Listhaug ut og sa at partiet har brukt mange månader på å få Abrahamsen til å signere, fordi dei ynskte at ho skulle halde fram i partiet.

– Ho har fått tid på seg til å skrive under, men det har ho ikkje gjort, og då er det dessverre slik saka enda, sa Listhaug.