Den første avstemminga viste at det var fleirtal for å søke regjeringsmakt på det ekstraordinære fylkesårsmøte i Telemark KrF.
Den viste at 58 delegatar stemte for det, medan 20 delegatar stemte for å bli verande i opposisjon.
Ordstyrar Hans Edvard Askjer rekna ut at 74,4 prosent ville søke regjeringsmakt, anten med Høgre, Frp og Venstre eller med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Men sidan eit så stort mindretal ville bli verande i opposisjon valde fylkesårsmøtet at to av delegatane som blir sendt til landsmøte skal først stemme for det.
Etterpå blei det klart at 42 delegatar stemte for å søke regjeringsmakt med Senterpartiet og Arbeidarpartiet, medan 35 delegatar valde Høgre, Frp og Venstre. Ein stemme var blank.
Dermed kjem Telemark KrF til å sende 3 delegatar frå kvar av dei to leirane.
KrF er splitta i vegvalet
Fylkesleiar Erik Næs innrømmer at han er skuffa over resultatet. Men han meiner KrF ikkje står fram som eit splitta parti etter avstemminga.
– Tvert imot, så har debatten vist at vi skal stå samla.
Næs støttar Hareide i valet av kven KrF skal søke regjeringsmakt saman med, og hadde håpar på eit anna resultat.
– Men då går vi vidare derifrå.
Hans Edvard Askjer er delegat frå den blå sida.
– Kjernen er vår politikk, og så har vi ulikt syn. Eg er fornøgd med at vi enda opp med ein balanse i talet på delegatar til landsmøte. For eg var førebudd på at det skulle bli større forskjell.
Bollestad leste SMS frå Hareide
– Eg har ikkje kome her på eiga hand, sa Olaug Bollestad då ho entra talarstolen i Bø.
Der leste ho opp ein SMS frå Knut Arild Hareide. Bollestad seier til NRK at det var semje i leiartrioen om at ho skulle reise til fylkesårsmøte i Bø.
– Eg skjønar at det kan stå fram som at vi bryt prinsippa våre. Men eg meiner ikkje vi har brote dei fordi vi alle tre var einige om at eg skulle reise. Eg reiste fordi vi ønskjer ein debatt med mest mogleg balanse, seier Bollestad.
Partileiar Knut Arild Hareide stadfester i ein e-post til at NRK at partileiinga er samde om at Olaug Bollestad skulle dra til fylkesårsmøtet Telemark.
– Vi er ikkje ueinige om det.
Grøvan vil bli verande i opposisjon
Også stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan fekk beskjed om å reise til Bø. Han skal forsøke å overtyde delegatane på årsmøtet om at KrF er best tent med å bli verande i opposisjon.
Grøvan føler at hans syn kanskje ikkje har blitt sett på som et reelt val.
– Vi er glad for å kunne vere her i dag for å fremme vårt syn. Vi trur det kan vere ein gyllen middelveg.
Han har sakna representasjon frå opposisjonssynet tidlegare, men understrekar at alle fylkesmøta må gjere som dei sjølv ønsker.
Grøvan trur veljarane vil bli misfornøgde dersom dei veljar anten blå eller raud side, og trur at opposisjon vil vere noko veljarane synest er mest rett.
På tidlegare fylkesårsmøte har ikkje dette synet hatt eigen innleiar.
Tønnesen trekte seg som innleiar
Etter planen skulle stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold og KrFU-leiar Martine Tønnessen innleie om kvart sitt syn på årsmøte i Telemark onsdag kveld.
Mens Bekkevold støttar Hareide sitt råd om at KrF bør søke regjeringsmakt med Ap og Sp, meiner Tønnessen at KrF bør inn i dagens regjering.
Men Tønnessen reagerte på at ho som ungdomspartileiar skulle møte ein stortingsrepresentant som i tillegg er frå Telemark.
Onsdag ettermiddag blei det bestemt at Tønnessen blir heime.
Strid om kven som skal innleie
Da nestleiar Kjell Ingolf Ropstad takka ja til å besøke årsmøtet i Telemark KrF, greip Knut Arild Hareide inn og sette foten ned.
VG skriv at dei er kjent med at Knut Arild Hareide reagerte sterkt på at Ropstad, utan å informere han, takka ja til å dra på fylkesårsmøtet i Telemark.
No er det i staden nestleiar Olaug Bollestad partileiinga sender for å representere «den blå sida».
Då Bollestad kom til Telemark i kveld som einaste frå leiinga, bryt ho faktisk det ho sjølv var veldig opptatt av for kort tid sidan. At ingen i leiartrioen fekk lov å reise åleine.