Hopp til innhold

Nye format reddar teikneserien

Andelen som les teikneserieblad har hatt eit dramatisk fall. Teikneserie i bokform er den nye trenden.

Bilde av Jan-Erik Suarez og teikneseriar

SAMLAR OG SELJAR: Jan-Erik Suarez driv teikneseriebutikk i Porsgrunn. Han lev godt av dette og meiner at marknaden for teikneseriar framleis er der.

Foto: Håkon Lie / NRK

Statistikk frå SSB syner at andelen som lesar teikneserie har gått ned frå 11 prosent i 1991 til berre 3 prosent i 2018.

På den internasjonale teikneseriedagen er likevel teikneserieredaktør i Egmont, Tonje Tornes optimistisk med tanke på framtida.

Talla frå SSB syner ikkje heile biletet, meiner Tornes.

SSB har ikkje med teikneseriar i bokform. Dette nye formatet har hatt ei veldig utvikling dei seinare åra, og står difor for ein betydeleg andel av teikneseriesalet i Noreg.

Redaktøren trur at nye måtar å tenke på er svaret.

Eg trur ein må tenkje litt nytt. Me må bruke litt andre format, det ser me med den nye trenden, teikneserie i bokform.

Sosiale media gjev svar

Tegnehanne

TEGNEHANNE: Hanne Sigbjørnsen har etter kvart slått seg opp som teikneserieskapar, ho brukar sosiale media som hjelp.

Foto: Stine Friis Hals / Aschehoug

Hanne Sigbjørnsen, betre kjend som «Tegnehanne» spår ei lys framtid for teikneserien. Ho peikar på at dei nye formata gjev teikneserien ei utvikling.

Ho trur også sosiale media kan hjelpe teikneserien si framtid.

Filmar og seriar som Marvel kan også bidra til å trekkje opp interessa for bøkar og teikneseriar, meiner ho.

– På instagram får eg ein peikepinn på kva som fungerar og ikkje, i motsetnad til trykte media.

Hanne Sigbjørnsen

Satsar på teikneserie i bokform

For å fenge lesaren satsar nå Egmont i likskap med andre forlag hardt på teikneseriar for born i bokform.

Første bok i Nordlys-serien av Malin Falch blei nyleg kåra til årets barnebokforfattar er seld i nesten 30.000 eksemplar.

Tonje Tornes seier at det framleis kjem teikneseriar i bokform for vaksne, og også mange av dei som kjem ut til hausten trur ho vil bli ein suksess.

Verdifulle teikneseriar

Jan-Erik Suarez (39) driv teikneseriebutikk i Porsgrunn. Han sel for det meste amerikanske teikneseriar og synest han ser ein trend.

Ein merkar at med Marvel filmane og seriane som har kome nå har gjeve ein oppsving.

Sjølv om teikneserien har fått ein oppsving med film, trur Suarez at dagens foreldregenerasjon ikkje har lest så mykje teikneserie. Grunna dette blir ikkje ungane introdusera for det heller.

Spider-man 129

VERDIFULL: Denne teikneserien kostar rundt 20 000 kroner i bra stand.

Foto: Håkon Lie / NRK

Han har sjølv samla på teikneseriar i mange år og reknar med at han har mellom 10- 15 000 blad.

Han seier også om ein har litt flaks og er ekstra tolmodig kan ein tene mykje på teikneseriar.

Han visar oss to eksemplar av «Amazing Spiderman»

Desse kan eg få 1000 og 2000 amerikanske dollar for seier han og peikar på dei to blada frå 70-talet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark