Hopp til innhold

Brannen hos Kari gjekk landet rundt: – Det blei mykje oppstyr

Kari Tisjø skulle berre kvitte seg med eit uthus, men mista kontrollen. Det var det mange som fekk med seg.

Kari Tisjø

SPREIDDE SEG: Kari Tisjø seier i etterkant av brannen at ho har innsett at avstanden mellom uthuset og hovudhuset var i minste laget.

Foto: PRIVAT

11. mars 2023 blei ein dramatisk dag hos Tisjø i Drangedal.

Ho hadde bestemt seg for å bruke den fine laurdagen til å brenne ned eit lite uthus, som var klart til å bli rive.

Det klarte ho, men brannen spreidde seg også til hovudhuset. Tisjø måtte kontakte naudetatane.

– Det blei mykje oppstyr, samanfattar ho eitt år seinare.

Kari Tisjø skulle bare brenne ned et gammelt uthus, men brannen spredte seg også til hovedhuset lørdag.

Alle naudetatane rykte ut da hovudhuset plutseleg stod i full fyr.

Foto: PRIVAT

Plutseleg var både politi, brannvesen og ambulansepersonell på plass. Fylkesvegen forbi eigedommen blei stengd i fleire timar.

– Dette blir ikkje billig, tenkte eg.

Mista kontrollen da uthus skulle brennast ned: – Eg legg meg flat

Skulle fjernast

Hovudhuset skulle også rivast, men planen var at det var maskiner, og ikkje flammar, som skulle sørge for det.

Nå har det gått eit heilt år sidan den spesielle laurdagen.

– Eg har ikkje fått opp nokon minne på telefonen, men det er kanskje like greitt.

Store delar av gangen i hendinga blei nemleg dokumentert på Snapchat.

– «Dette er gjort på 20 minutt», seier eg på filmen. Det stemte for så vidt, men sidan det spreidde seg tok det litt lengre tid.

Les også Ny vikingserie for unge får hjelp av Oscar-vinnere for å erobre verden

Vikingjenta TORA poserer med sverd.

Blei bekymra

Historia om kva som hadde skjedd dukka først opp hos Telemarksavisa. Etter kvart blei Tisjø kontakta av ei rekke andre medium.

Plutseleg kunne folk i heile landet lese om den spesielle tabben.

– Det er gøy å få folk til å smile og le, men det var ikkje meininga å brenne ned hovudhuset. Eg var litt bekymra da dette blei slått opp som ei gladsak.

En ny bygning er under oppføring på eiendommen til Kari Tisjø.

Nå er nye bygningar på veg opp på tomta.

Foto: Kari Tisjø

Politiet etterforska brannen, men etter nokre månader blei saka lagd bort på grunn av bevisstillinga.

I samband med at saka vart lagt bort sa politiinspektør Hans Egil Seljordslia til Varden at det ikkje blei funne bevis på at huseigaren hadde opptredd aktlaust.

– Eg er veldig glad for at det ikkje fekk så store konsekvensar, men eg var førebudd på alt, seier Tisjø.

Eitt år etter brannen ser det heilt annleis ut på eigedommen. Eit nytt bryggarhus og ein ny garasje er på veg opp, og etter kvart kjem det også eit heilt nytt hovudhus.

– Nå ser det veldig bra ut.